tirsdag 18. mai 2010

Kaffi på Løvstakken

Etter ein nydeleg 17.mai feiring med vin, mat og moro til langt på kveld fann Hannah og meg ut at vi måtte ta ein kaffitur på Løvstakken i fineveiret dagen derpå! Kva er vel betre enn det??

 
Mmmm.. sol, kaffi og sjokolade på Løvstakken med nydeleg utsikt utover sotra og havet!!

YO!!

På veg nedatt møtte vi på denna vesle krabaten! Mitt første møte med hoggorm! :)


Takk for nydeleg tur Hannah!!

mandag 17. mai 2010

17.mai feiring på Ulriken

I staden for folkehav, tog og buekorps i sentrum.. bestemte eg og Tonje oss for å vere skikkelege nasjonalheltar og feire dagen på Ulrikens topp med 17.mai lunsj :)

Med flagget i sekken og traska vi oppover mot byens høgaste topp. Etter å ha drøkke te/kaffi, ete lunsj og veiva med flagga i 1t på Ulrikens topp utan at den lova sola dukka opp, tok vi turen vidare for å sjå om Turnerhytten kanskje hadde vaffel og kakao!

Desverre va hytta stengt (kanskje litt optimistisk å tru at den skulle halde ope..menmen.. ) så då blei det ein ny nistepause der før vi rusla fornøgde nedover til byn igjen!


lørdag 15. mai 2010

Sykkel tur-retur Kvamskogen!

Etter å ha vert ei veke offshore med altfor mykje jobbing og altfor lite trening var det utruli herleg å sette seg på syklen igjen! Anne Linn og svigerbror ville heldigvis bli med på langtur.
Etter litt startproblemer med pungtering før start og litt dårleg kommunikasjon når vi skulle møtast, kom vi oss endeleg orntli avgårde! Veiret var nydeleg, strålande sol og kortbukse veir :D
 
Det va digg å få køyrt seg oppover fjella - og veldig spanande å få testa ut bakkane opp til Kvamskogen, kunne konkludere med det same som Gullbotn, dei er ikkje så skumle som alle vil ha det til! :D verre nedover. Satte ny fartsrekord; 62km/t .. skummelt!!! hehe..
   
137km på 6timar, pause på toppane og kosetempo heimover! :) Hadde det ikkje vert for ei utruleg dårleg tur-blære hadde det blitt 140km.. menmen...



Klar for Bergen - Voss no! :)

søndag 9. mai 2010

Første gang rundt Gullfjellet

 
Endeleg va veiret fantastisk og eg skulle endeleg få prøve meg på å sykle rundt heile Gullfjellet! :D hurra! Vi va ein ganske stor gjeng - og farten va bra inn til Trengereid og opp Gullfjellet blei det litt konkurransesykling blant dei ivregaste ;) hehe...

 

Pause på toppen av Gullbotn.. og etter det va det full rulle vidare.. turen va nydeleg - og det va godt å få prøvd seg på ein tur på 10 mil. Mange oppoverbakkar og utforkøyringar ;)

:) :)

fotograf: Erlend B.

lørdag 8. mai 2010

Sykkeltur; ein bratt bakke og eit Lysekloster!


Etter ei vekes treningspause for å heale foten litt, var det rett på sykkeltur igjen! ENDELEG!!
Skulle eigentleg vere ein oppvarmingstur til Gullfjellet rundt i morgon, men det er vanskeleg å styre seg når man først er ute på tur!
Sykla over Valla, opp ein veldig veldig bratt bakke og nedatt gjennom skogen til eg kom til Lysekloster. Derfra gjekk turen vidare over Fanafjellet og heim! Virkeleg ein flott tur, med nydeleg veir!