onsdag 3. februar 2010

Aketur til Ulriken!!


Sol, snø, fri.. Då må det bli ein tur på fjellet!! Desverre hadde ikkj Kristine skia sine i byn, men rompeakebrett kan absolutt gjere opp for manglande ski! ;)
Eg fekk lov å bestemme veivalget oppover, man kan diskutere om det var lurt... Ein interessant tur blei det iallefall!
Der spora slutta, trakka vi stien vidare! Etter litt, skjønte vi kvifor dei forrige sti-lagarane hadde snudd! Men vi er jo tøffe fjellfolk, og gjer ikkje opp så lett!

 
På med handskar før vi skal grave fram stien... ser du an? det var btw rett ned til høgre og mykje skumlare enn bildet viser! ;)

 
Men tøffe som vi er, kom vi oss opp og forbi første hindring!! :) sjølvsagt!

 
Her er det Kristine som er den tøffe og trakkar stien oppover, mens fotografen kjeme luskande etter!!


Endeleg på toppen! No vert det kakao og nistepakke! Endeleg!




Fantastisk veir og mange downhill skiarar på Ulriken i dag! Vi nyter Kristines Cookies i solsteiken!


Turen nedatt starta til fots.. til og med oss hardbarka rompeakarar blei for pinglete for Ulriken ned!


Men siste bit gjekk so det suste! :D
"Rompeakebrett er undervurdert!"
Try it! ;)

Vi va altfor fort nede att, men Kristine kom tidsnok til jobb, og eg kunne ta ein roleg spasertur heimover i solskinet! :)

tirsdag 2. februar 2010

Off-piste i Eikedalen

Ein impulstur til slalåmbakken i Eikedalen med Harriett :)
Følelsen av nybegynnar i bakken va sterkt tilstades første turen, spesielt sidan vi vart forbikjørt av superproffe telemark-kjørarar i proff-bakken! Vi forflytta oss derfor til "barnebakken" der vi i det minste følte oss litt tryggare!

 
Det tok ikkje mange turane før vi følte oss som dei proffe off-piste køyrarane! Så proffe trudde vi at vi va, at vi bega oss ut på den tøffaste skogs-løypa vi kunne finne! Det gjekk derimot ikkje heilt etter planen, spesielt ikkje etter at eg tok over føringa! Litt overambisiøs og i litt for stor "fart" kom der eit (lite) stup! og der måtte eg sjølvsagt gli og misse eine skia! jepp! opp kom eg meg ikkje, så då var ned einaste mulighet...


Litt kaving og sutring med snø til brystet, men heldigvis eit lite tre eg kunne stå på for å halde meg oppe! Harriett the savior, kasta ned skien min og etter litt om og men va eg på skia igjen! Litt lavare sjølvtillit, men fortsatt med godt mot! heilt til neste lille utfordring!


Endeleg nede måtte vi ta oss ein kakao på kafeen! Det hjalp! Tærne tinte og sjølvtilliten kom seg og vi oppgraderte oss til storebakken igjen! Der fann vi kanonløype med masse laus-snø! og vi va back in business!! :D :D Harriett er btw rå på off-piste og hopping! Ho bør og alltid køyre fremst av oss!

Kanon føre! Masse laus snø! Mange folk! Godt selskap!

(til info! bilda er ikkje av meg eller Harriett, men det kunne like gjerne vert det.. ;)

søndag 31. januar 2010

Skitur i Aboretet



Etter ein litt for fuktig SUB årsfest laurdag, og ein tidleg morgon som starta med ei ambisiøs påmelding til Bergen - Voss i 5.juni, var det eigentleg sofaen som frista mest. Men heldigvis fekk eg eit tilbud som ikkje kunne takkast nei til! Dermed bar turen til Hjellestad, Milde og Aboretet!

Masse nysnø, fine ski og ei kjempe kjekk turvenninde gjorde dagen uendeleg mange gangar bedre enn den starta! Etter ei runde i den botaniske hagen, ei utforkøyring i hoppbakken - vel å merke utan at nokon av oss turte å hoppe :S enda vi opp nede ved sjøen der Lene diska opp med kaffi, sjokoladebollar og kvikk lunsj på svaberget!

Takk til Lene for ein fantastisk søndagstur! ;)

mandag 25. januar 2010

Skitur over Vidden


Fri! Sol! Snø! Ein god dag for å gå jomfru-turen på dei nye Cecilie Skog skia! :) Harriett, som har trena seg på ski i heile vinter, blei heldigvis med! :) Eg synes Fløyen til Ulriken virka som ein god plan! Vi likar jo absolutt oppoverbakkar! (iallefall på barmark!)

Etter eit knallhardt rompe-fall på eit islagt fortau i byn og eit fall på knea ned ei bratt trapp (som tydlegvis blir brukt som akebakke) allereie før skia va på beina, begynte tolmodet å svinne.. Og når det va gått ein time og vi ikkje va komen lenger enn til Skansen, beit vi i det sure eplet og tok banen det siste stykket til Fløyen!






Oppover oppover oppover med Rundemanen som første store mål! :) det va myykje oppover! men med godt mot, litt bakglatte ski men med litt sang og eit uklanderleg humør... kom vi endeleg til toppen! Så var det berre å sette utfor dei første skumle nedoverbakkane! Utruleg nok kom vi oss heilskinna ned :)


Her på veg opp på Vidden! Ser Harriett og meg med eit ekte påtatt godt humør smil! ;)


Endeleg oppe på Vidden!
Varmen og lyset frå sola va jammen god å få tilbake!

 
Som premie for hardt arbeid, laga Harriett kakao til oss! Fiin PikNik i sola!


Litt skismøring før neste etappe; Over Vidden! Lett!!


Så kom tåka over Ulriken! Oj! Men både eg og Harriett var velutstyrt med 1.hjelps skrin, H hadde pytt i panne og primus, E hadde ein ekstra dunjakke og ei hue! Så detta skulle gå fint! :)






Eg trur det va bra at det va skispor heile vegen! Sjølv om Harriett sjølvsagt heile tida visste kor vi va og kor vi skulle ;)















Nedoverturen frå Ulriken blei desverre ikkje dokumentert! Men mange, mange! uforgløymelege bilder har klistra seg til hjernen! Det må opplevast! :)

Takk for turen Harrisprett!! og takk til Cecilie Skog skia mine! ♥

søndag 24. januar 2010

Joggetur til Løvstakken



Etter å ha vert Offshore i 12 dagar utan andre "fjell" i sikte enn eit knippe ganske fascinerande oljeplatformar, var det utruleg herlig å kome tilbake til byen mellom dei 7 fjell!

Nydeleg utsikt til et snødekka Bergen Vest!



Turen opp var kjempe flott- stien var hardpakka snø som va god å springe på! Litt glatt nokon plassar, men absolutt overkommeleg! ;)
Ein tur til Løvstakken anbefalast!!!


Veldig gode sko! :D
Dato: Søndag 24.01.10
Rute: Møhlenpris - Grusvegen - "Jesus Lever" steinen - Benkane - Løvstakken
Tid til toppen: 40:41


søndag 10. januar 2010

Aketur til Ulriken

Årets første tur til Ulriken! :)
Med noko varmt, litt nøtter og to rompeakebrett, i sekken spaserte to glade jenter oppover mot Ulrikens vakre topp!

Ein liten pause for å nyte endene på islagte store lungårdsvatn!

Vakkre Vakkre Bergen!
Det var litt kaldt med -8 og lett bris, men so kom sola og oppoverbakkane - då kom varmen heldigvis i same slengen.


Hurra! No gledar vi oss virkeleg til ein rompeakebrett tur nedatt! Må berre komme oss heilt til toppen, få i oss litt energy! Så skal vi sette utfor!




Marina i kjapt tempo mot toppen!!

Det va ikkje heilt lett å finne den riktige og beste køyreruta nedatt, men etter litt kaving, rulling i snøfonner - eit par knall og fall her og der, såg vi ski-løypa! Dit kom vi oss! og DÅ gjekk det som to kanonkuler nedover!

Detta frista til gjentakelse!

fredag 1. januar 2010

Nyttårsfeiring på Utsikten

GODT NYTTÅR 2010

Tante Olaug køyrte oss opp på Utsikten, der vi hadde kongeutsikt over Sandane folkjet si nyttårs-feiring! -- årets første fjelltur!


Nina og meg kosar oss inn i det nye året saman men mor, far, tante Olaug og onkel Arne!!


Hurra!!! ;-)