lørdag 26. juni 2010

Geiranger - ein liten spasertur på 6 timar ;)


Jentene på tur til fantastisk flotte Geiranger :) Endeleg!

Etter ein lang og spennande biltur frå Oslo fredag ettermiddag kom Tine, Kristin og Hannah endeleg fram Geiranger, der eg venta med taco og vin ;)

Laurdagen var det ingen bønn, etter ein kosleg frukost måtte vi ut på tur. Veiret va litt grått, men vi var lova lettare veir med glimt av sol seinare på dagen. Så ein test-tur til Homlong for å sjå på cruise skipa var ein grei start!


Tine fann seg ein venn :)

 
No er vi klare for den skikkelege turen! Første mål; Nakken! Elisabeth estimere ca 1t til toppen, men ombestemte seg og la til 30min, noko som utruleg nok viste seg å vere riktig!

Ei veldig farleg elv må kryssast! :D

Eg fann meg ein plass å stå litt opp-ned! :D

 
 
Då var vi på Nakkjen! Med utsikt over Geiranger fjorden. 438m over havet
Funfact: Geir = Spyd og Anger = Fjord -> Geiranger = Spydfjord.. see it?

 
Vidare går vi til Flydal, for so å kome ut på hovudvegen som vi tenkte å ta som snill tilbakeveg.

 
Akkurat den turen blei nok litt i lengste laget, men so blei jo veiret so fint at vi fann ut vi måtte innom Vesterås å ete vaffel. Og då kunne vi jo likegodt besøke Løsta, der eg aldri har vert og alltid har hatt lyst å gå!! ;) Alle var veldig entusiastiske til det!!

 

Litt blomsterbilde og ein nissestige oppe i bergknausen! ;)


 
Vesterås serverte 4 vafler 3 kaffi og 1 brus til 250kr! ;) Men det var absolutt verdt pengane sia vi ikkje egentli hadde med oss nok mat (ehmm...) til å gå vidare!

Men på Løsta skulle vi!
Dyrevennen Tine ;) Og endeleg kom sola!! Nyyte!

 
 
Etter å ha gått litt lenger enn vi trudde det skulle vere utan å finne den fine utkikksplassen som sto på bilde, som eg trudde var Løsta - viste det seg at det eg trudde var Løsta ikkje var Løsta men Flydalsjuvet - der vi akkurat nettopp hadde gått forbi! akk!! blei litt skuffa og litt flau over den feiltakelsen der!



  
Menmen.. vi fann no ut at Løsta likevel var ein ganske fin plass med veldig god utsikt! ;)

    


  
Etter ein nydeleg, men kanskje litt lang turdag, avslutta vi kvelden med sushi-mekking og vinkos :)










søndag 20. juni 2010

Trikketur til Trondheims bymark

Ein nydeleg søndag, etter ei flott, men regnfull familiehelg i Trondheim! Mams, paps og Trine er reist heimover. Nina og meg har slækka på sofaen og endeleg!? fekk eg sett Grease!

Etter nokre timar på sofaen sa magane ifrå at det va på tide å komme seg opp! Og no, då dei eldste og yngste var reist, kunne vi endeleg gå og ete sushi! Mmmm!!

Etter ein god fiskemiddag gjekk sightseeingen vidare.. Ei mektig sjokoladekake blei fortært på ein stileg kafe med bilete av Jared Leto på do!

Vi hadde fortsatt litt tid å fordrive mens vi venta på flybussen, så då synes eg vi måtte prøve ut Trikken! :D

Trikketuren var over alle forventningar, oppover bakkane og inn i skogen! Eg va heilt imponert! Siste stopp var bymarka. Der låg ein fancy kafe og eit veldig fint vatn! Vi valgte det fine vatnet!

Spasertur rundt vatnet med gjørmete converse og blomster i håret :)


Takk for nyedeleg tur Nina! :D

søndag 13. juni 2010

Bursdagstur over Vidden

Irene har bursdag!!
Stolt over valg av bursdagsaktivitet tar eg ho sjølvsagt med på turen over Vidden for første gang! Kathrin joiner og vi spaserte opp Skredderdalen og vidare til Rundemanen. Litt surt og kaldt vart det så vi fekk ikkje den koslege rastestoppen i sola som vi hadde tenkt! Så då tok vi likegodt turen innom Turnerhytten der det både er toalett til dei trengande og ei kosleg stove der vi kunne ete nista vår og kjøpe oss ein bursdagskakao :D Hipphurra!

Finfin tur og endeleg kan Irene seie at ho har gått over HEILE Vidden ;) hehe... Gratulere med dagen kjære venn!!

torsdag 10. juni 2010

Tur på "Vidden"

Yr melder strålande sol, så Kristine og Elisabeth bestemmer seg for å gå over vidden etter jobb =)
Eg har hatt min første arbeidsdag sia offshore og var litt ute av ete-rytmen.. heilt på felgen etter å ha gløymt å ete heile dagen, satte eg meg på ein mur utanfor Haukeland. Medan eg venta på Kristine åt eg opp all den ekstra maten eg hadde handla med meg og heile nista mi! *smart* men formen kom seg og klare som to egg tusla vi oss oppover.

Det va ikkje akkurat strålande sol, og då vi nerma oss Borgaskaret begynte det å regne. Då blei valget lett! Utan mat og skikkelege klede va det kanskje ikkje så lurt å starte på Vidden.

 
Vi gjekk ned Borgaskaret og hadde rastepause øverst i Hardbakkedalen på den fine benken med den vakre utsikten :) Heldigvis hadde Kristine med kanelgifflar (NAM!!) ilag med litt sjokolade og eit eple gjorde det susen! Vi fortsatte opp på Tarlebø og ned til Svartediket via Tarlebødemningen! :)

På veg tilbake til syklane viste Kristine meg den fine hagen utanfor Haraldsplass sjukehuset! :) Fascinerande tre-allé ;)


onsdag 9. juni 2010

Tur på Gullfjellet med Lene :)

Eg avspaserer etter evighetar offshore... Det er nydeleg veir og spreke Lene vil vere med meg på Gullfjellet! Hurra!

Vi køyrte opp i Bjørndalen til Osavatnet og gjekk roleg restitusjons tempo oppover mot Redningshytten! Liten raste og chatte pause, Lene møtte sjølvsagt fleire andre lærarar som streika til fjells! :)

  
Litt snø, masse stein, fin utsikt og herleg klart fjellvatn!

Vi traska rundt i Gullfjellet i 6 timar.. hehe.. og koste oss skikkeleg med mange fine pausar! Hadde vel ikkje akkurat med oss mat i overflod til å vere så lenge på fjellet, for optimistiske Elisabeth hadde estimert sånn ca 3timar ;) hihi.. som vanleg tok eg grundig feil! Rart med det.. kan jo hende eg lærer til neste gang ?! ;)

Då vi kom nedatt forsvann alle skyene og sola steikte! Då må man sjølvsagt turne litt og lufte tåane! ;)















lørdag 5. juni 2010

Bergen - Voss

Etter to veke på fitness camp offshore hadde eg sjølvsagt klart å overtrene megsjølv ..igjen!! siste 4 dagane va det heis, og rett i seng etter jobb for å kvile dei stakkars beina! Nokre dagar på betenneselsdempane piller og gele, omega3 og gurkemeie kur og ja, stort sett det eg fann som skulle hjelpe mot sånn idiot-skade... så va eg vel så klar som eg kunne bli for den store prøven! hehe..

Opp kl 0500, ete masse mat, drikke masse vatn, smøre inn kne med betenneselsdempande gel og solkrem. Ete litt til, drikke litt til, sykle til Siemens. Kan vel sei eg va ein smule nervøs... På Siemens va det litt startoppmuntringar og hjelp med startbrikker før vi første satte kursen for Arenum og start! 07:56 gjekk startskuddet for første Siemensgruppe.

Turen til Trengereid gjekk veldig fint. Ikkje for fort, men fort nok til å ikkje bli tatt att av Siemensgruppa som starta nokre minutt seinare. Så då blei det ein liten ventepause, og tissepause for dei som va så heldige å kunne stå i ei grøft, til dei andre kom.

Så va det ein utfordrande tur ned Gullfjellet og vidare mot Samnanger og Kvamskogen. Det va utruleg tøfft når vi fekk til skikkeleg rullering og farten blei ganske høg somme stader. Neste stopp va Kvamskogen, der blei det saft og banan og tissepause for dei som ikkje føler for å sette seg i grøfta.

Neste stopp va Kvanndal - der va lår og kne virkeleg begynt å merke fart og heftige oppoverbakkar! Litt cola og sjokolade og så va det på syklen igjen. Rett etter Kvanndal (etter to oppoverbakke spurtar på rad) slapp eg resten av gruppa og sykla vidare for meg sjølv! Etter å ha sykla nokre km bak ein mann med ein sykkelshorts som va litt for slitt der den ikkje burde vert det.... kom det ei gruppe med perfekt fart som eg klarte å henge meg på!

Sykla med dei til Skjervet.. der va det berre å gje på i siste oppoverbakke! På toppen va eg heldig å kunne sitte på hjulet til ein snill gutt som drog meg heilt til nedoverbakkane mot Voss starta!

Og vips va eg i mål, på tida 05:54! nr 14 i mi klasse, 91 av alle kvinner og 2004 av alle deltakarar.. hehe.. Godt nøgd!!


Eg legger ut nokre bilder som Cecilie Hege Indrearne har tatt! Tøffa sykla på 9 timar og tok seg, fornuftig som ho er, tid til å dokumentere den nydelege dagen!

Startområde då Cecilie starta kl 0500

Rett over Gullbotn

Matstasjon på Kvamskogen

Nedkøyring frå Kvamskogen

 
Etter Nordheimsund - Hardanger

Cecilies vidunder ;)


  
Langs Hardangerfjorden!

Her va vi visst ferjekaia i Kvanndal - det har iallefall ikkje eg fått med meg! haha! såg berre cola og sjokolade der eg!!

Nermar oss Granvin!

Skjervet next :D hurrey!

Midt i Skjervet!

Voss i det fjerne!!

MÅÅL :D :D


 
Fornøgd etter å ha fått seg ein dusj, litt god lapskaus og masse masse vatn ;)