søndag 24. oktober 2010

Erfaringspraksis

Erfaringspraksistur til Hytta til Trine Lise, eg hugsar ikkje kor det var, men der var veldig fint! Ei natt i hytta og så var det ut i naturen.. eller hagen! ;)

 
Vi bygde den perfekte gapahuk, viss ein ser vekk ifrå at opninga var plassert mot vinden, så med bålet plassert utanfor opninga blei det ei litt røykfull natt. Fin erfaring! hehe...

Trine Lise står for frukosten, egg og bacon på bålet... nam!

Heidi ror og ror :)

Etter ei natt i Gapahuk med både pizza og egg på bål måtte vi ha oss ein liten fjelltur før helga var over. Gaustadfjellet blei målet. Og her skulle eg og Marita teste bålkunnskapane våre...
Litt knoting blei det, men med prøving og feiling og eit par hjelpande tips frå tilskodarane blei det bål til slutt!!! :D
Det blei til og med "bål"te av smelta snø... neste gang brukar vi lokk... ;)


Takk for turen jenter!

søndag 17. oktober 2010

Ulriken - Borgaskaret - Hardbakkedalen



Fin haust tur opp Ulriken og ned Borgaskaret. Vi brukte nokre timar, men det viktigaste er jo ikkje kor fort ein går, men at en får vere lenge ute! :D

lørdag 16. oktober 2010

Vidden om Vikinghytten


Ein nydeleg dag i Bergen :)

Turen gjekk opp Skredderdalen og vidare opp på Rundemanen. Derfrå følgde eg stien inn på vidden, men tok av mot Vikinghytten. Ein liten pust i bakken medan nistepakken blei fortært! Så gjekk turen vidare opp på Grønetua og vidare langs Vardegga..

Der møtte eg ein gjeng med sauer, og det var stort sett det liv eg traff på turen. Medan rett borte på Vidden gjekk der ei kø av folk, ganske fascinerande!! :)


Vegen gjekk vidare inn på vidden, der eg prøvde å finne stien ned til Langelivatnet, det klarte eg ikkje, men eg kom meg no ned på eit vis. Godt fornøgd med nok ein flott fjelltur i Bergensfjella gjekk eg om Tarlebø til Svartediket og heim :)

søndag 3. oktober 2010

Skarveheimen

 
Torsdag 30.september - Søndag 3.oktober
Tidleg avreise frå Bergen og vi får med oss sola som står opp over Hallinskarvet og Skarveheimen! Vêret er, som vanleg, på vår side - solskinnsklassen som vi er!

 
 
Litt kaldt er det å sitte iro eit par timar med undervisning før vi får starte på turen innover i fjellheimen. Vi er delt inn i grupper på 4 som har planlagt kvar vår tur over dei neste to dagane før vi skal samlast på Fødalstangen heile gjengen.

 
Første leirplass, vi kom ikkje so langt som vi hadde tenkt, men vi var einige om at denna leirplassen nok var mykje betre enn den planlagte. Vi hadde skikklig fin utsikt over Mjolgedalen, og ut på kvelden såg vi flammane frå eit bål på andre sida av dalen ;)

 
Dag to var veiret ikkje heilt med oss lenger, det var kaldt og snøen dala eller kom fykande! Men vi fekk oss ein liten "topptur" før vi rusla vidare for å møte Øystein (lærar). Der hadde vi ein lunsjpause og litt prat før gjekk vidare ei heilt ny rute nedover til Fødalen!

 
Nedover til her møtte vi ein stor reinsdyrbukk! Wæ.. vi visste ikkje heilt om vi skulle vere redde eller ikkje... vi valgte å bli litt redde og å halde oss så langt vekke frå den som mogeleg. Fekk kontroll på hondane og etter ei nervepirrande stond fann bukken endeleg ut at den skulle stikke.. pjuhh!

 
Etter å ha gått i all evighet kom vi endeleg fram til der vi hadde tenkt å slå leir, men plassen vår va opptatt! Så då vakje det anna å gjere enn å vandre vidare. Til slutt endte vi på Fødalstangen og det va no eigentleg greit sia vi likevel skulle hit dagen etter. Vi sette opp telta, hadde ein liten yogapause før middag og teltkos til langt på kveld!

 
Dagen etter kom resten av gjengen. Slo opp telta og så var det litt underholdning og undervisning, orientering og eit par springeturar opp og ned ein liten bakke for å halde varmen! Brr...

På kvelden/natta fekk dei som ville lov å pakke saman sekkar og telt og orientere seg til Iungedalshytta som ligg ca 1t marsj frå Fødalstangen. Sjølvsagt vil vi det! ;)
Marita, Toril, Ulrike og meg gjekk av gårde... med haudelykter og på kompasskurs i skikkeleg snøstorm brukte vi ca 2 timar på å finne fram til hytta. Spennande opplevelse!

Vi kom fram, fikk satt opp teltet på den minst gjørmete plassen vi fann og pakka oss inn i teltet for ei god natts søvn! Det å vakne opp i eit gjørmehav, til ein tom bensinkanne, regnveir og bitande kulde ga oss ikkje akkurat lykkerus! To litt apatiske jenter (meg og Marita) stilte oss like greit rett opp og ned heilt inntil hytteveggen og ja.. visste ikkje heilt kva vi skulle gjere! Men redninga var eit par snille karar i naboteltet som forbarma seg over oss og kokte litt varmt vatn! TAKK! Det hjalp og pittelitt å ta ein titt inn i teltet til Silje, Anne Marte og Toril.. hihi.. DER var det skikkeleg gjørmebad!
Resten av dagen fekk vi sitte inne i ei varm steinhytte med undervisning og kos, før vi vandra den timeslange turen tilbake til bilane!

lørdag 25. september 2010

Tur til Reinekallen og Eikeneshesten

 

Eg, mamma og Bente nytta denne fine dagen til ein tur på Eikeneshesten som eg har høyrt så mykje om, men aldri besøkt!

 
Hipp Hurra! Det er gøy å gå på fjellet!!

 
Nydeleg utsikt og eg likar meg opp-ned!

 
På toppen av Reinekallen, eg klarte å lure dei innom ein ekstra topp på vegen..

 
Litt vind, men humøret er på topp! Her ser du Gjengnen i bakgrunnen!

 
Toppen av Eikeneshesten! Jippi!

 
Litt akrobatikk må til ;)

 
Alle er med :) hehe...

Etter ein matpause tok vi like greit ei lita yoga-økt med utsikt innover Hyefjorden! :)

Det vakje heilt lett å finne vegen nedatt, men med kart og kompass og litt prøving og feiling kom vi oss nedatt til slutt! Nok ein nydeleg tur i vakkert Gloppenlandskap! :)

fredag 10. september 2010

Finse - Geiteryggshytta - Finse


Jentetur

Hannah, Tine, Kristin tok toget frå Oslo, mens eg kom frå Bergen til Finse. Tine kom først og tok meg imot på stasjonen :) Luksus! Vi tok oss eit velfortent glas raudvin medan vi venta på dei to siste... Etter ein 3 retters middag og eit par glas til gjekk gjekk vi tidleg til sengs i sovesalen for å vere klare til morgondagens tur.

Frukosten tilbredte vi utandørs, sia det ikkje er lov å nytte medbrakt mat på Finsehytta. Og ekte friluftsjenter som vi er var det ikkje noko problem å ta med primusen og handleposane ned til vatnet for ein betre frukost i morgonyren! ;)

Etter litt ompakking av imponerande mengder medbrakt mat... ;) var vi klare til avmarsj!

Rett frå sol og "sommar" på Hitra, var det ein overgang å kome til skikkeleg haust på Finse. Tåka reduserte utsikten kraftig, men vi hadde raude T'ar og mykje fin stein å sjå på og heldigvis litt snø å leike i ;)

Litt skummelt er det å krysse store elver ;) Det gjekk heldigvis bra denna gangen og! Tine og Kristin konsentrerer seg om å hoppe frå stein til stein!!

Etter ein lang tur, kanskje litt i lengste laget, kom vi fram til Geiteryggshytta. Etter å ha godt i6t 40m var vi utruleg stolte og ikkje minst slitne! Fy søren kor flinke vi va! I stort sett regnveir og vind heile turen! Då var det ekstra godt å kome fram! Eigen sovesal fekk vi og! Vi innlosjerte oss og rakk akkurat middag! Nam, heimefiska ørret rett frå Geiteryggsvatnet! Ikkje dårleg!
Litt raudvin og endå litt ekstra raudvin etter maten til spel, massasje og rekreasjon i fellesstova!

 
Etter ein koseleg kveld og ei god natts søvn, tok vi ein god frukost på sovesalen. Hannah og meg tok med oss primusen ut og kokte vatn. Morgonen var fin, sola gløtta fram bak skyene og smilet og motet var på topp framfor den like lange tilbaketuren!

  
Lure jenter tek ein "ulovleg" frukost på rommet ;) Varmt vatn vert servert på termos inn vindauget ;)

 
Smilande og blide, klare for anmarsj igjen ;) Flinke jenter!

 
Kristin the SUPERWOMAN! og eg er klar som eit egg!

Regnboga titta fram og vi la i veg for å finne skatten :D

Hannah - Merry!

Tine - Frodo og Kristin - Pippin kryssar endå ei farleg flod!! Blitt betre på det no, men fortsatt dødleg konsentrert, vi har dei farlege svarte rytterane rett bak oss!! Elisabeth, Sam tek seg av fotograferinga og frakting av all den gode maten (som vi for sikkerhetsskuld har tatt med oss og ikkje heilt klart å ete opp, vi har nok for eit par dager til om vi skulle bli veirfaste)

 
Regnet kjem, men vi går og går... synge og trallar, hoppar frå stein til stein



Tine byrjar å sjå lyset i tunellen! :) Hurra!
Glade, stolte og slitne etter ei utfordrande helg i fjellheimen :)

Takk for ein flott tur jenter!

Eg må berre ta med den imponerande matlista:
- 12 epler
- 6 appelsiner
- 1 boks druer
- 500g sjokoladepålegg
- 250g nugatti
- sjokolade
- 300g havregraut
- 10pk rett i koppen suppe
- solbærtoddi
- kakao
- kaffi, te
- 2 tubeost
- 30 knekkebrød
- 1 brød
- 8 gullerøtter
- 2pk kjeks
- 2 posar suppe/gryte

Hadde i allefall ikkje svolte ihjel....