torsdag 31. desember 2009

Nyttårstur til Veten


Tradisjonen tro blei det tur på Veten i år og! Første gang for min del, men absolutt ikkje siste!
9stk blei vi samla på toppen + ein hond, Olli!
Litt kaldt og guffent, så etter ein kopp gløgg og ei julekake starta vi på nedoverturen til Røsskleiva.

Masse snø og bratt lende gjorde nedoverturen kjempe arti for nokon og kanskje litt for utfordrande for andre.. men nedover gjekk det ;)

Onkel Knut vart litt ivrig på historie-fortelljing og leia oss av stien for å vise oss ein bålplass av eit kvart slag - dermed gjekk det litt over og under stokk og staur.. knall og fall men heldigvis mykje mjuk snø å dette på ;)

Martin, den proffe fotografen, dokumenterer ivrig!



Vi kom oss ned til Røsskleiv vatnet - og tok snarvegen over vatnet!

Leirstøylen var siste stoppestad, der fekk vi dokumentert alle deltakarar i hyttebokja. Knut har 15års jubileum neste år! imponerande!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar