lørdag 13. mars 2010

Ein lang mars til Løvstakken


Veiret er sånn noke lunde, formen sånn noke lunde, bra utgangspunkt for ein oppfriskande tur til Løvstakken!


Med godt mot bestemte eg meg for å prøve ein av dei andre vegenane opp til Løvstakken! Der er sikkert laga ein bra sti langs kammen opp fra Laksevåg...
Det var det ikkje, eg gjekk sjølvsagt heilt feil og var på god veg til det vante fjellet der mine 3-4 første turar til Løvstakken endte... men denna gangen skjønte eg kva som kom til å skje! :)
Heldigvis var det minst 2 personar som hadde gått utav stien og laga sin egen veg, ein veg som såg ut til at måtte føre til den riktige toppen - eg fulgte den!



Sola titta fram, eg visste vel ikkje kvar eg var, men måtte no berre følge dessa spora, sjølv om det innebar høge kneløft i djupe spor og vandring over tvilsomme myrer og bekkar. Fortsatt med godt mot.. sol, snø, fjell og stillhet...

Endeleg såg eg Løvstakktoppen langt der framme! På rett (einaste) spor :) hurra!


Etter vel og lenge i tvilsomme fotspor kom eg endeleg til den skikklie stien!! Letta!!
Herleg veir, herleg tur og herleg utsikt vestover!!

1,5 time til toppen...

:-) Kan med god samvittighet gå heim og slække på sofaen resten av laurdagen !!!

torsdag 4. mars 2010

Tur til Blåmanen


Sprang heim frå jobb! Pakka sekken, smurte nistepakke og stavra oss avgårde med skia på skuldrane... Nådde Fløybanen kl 1630 og endeleg oppe! Klare for å nyte den siste soldagen, siste snøen og kanskje siste skitur på byfjella? Forhåpentlegvis ikkje ;)

På veg opp mot Blåmanen! herlig laus-snø, fint føre, Marina har smurt skia sine perfekt, eg har joksa (igjen!) med kortfellane mine! ehmm..




Herleg utsikt vi nyter sola som er på veg ned....

Litt slit i dei brattaste oppoverbakkane, men konklusjonen var at det var verdt ganske mykje slit for den utsikten, naturen og opplevelsen av Bergen på sitt beste ;)

Endeleg ser vi toppen! Då var det berre å finne vegen nedatt på andre sida! Burde vel ikkje vere noko problem? ...

Vi fulgte skispora som såg ut til å lede oss riktig veg... og tilslutt gjor dei heldigvis det... men litt kaving, knall og fall i laus-snø, med skisko som nok ikkje er heilt berekna på offpistekjøring... Men det gjekk bra til slutt, som det alltid gjer ;) Vi fann att løypa etter å ha følgt eit par litt tvilsomme skispor, over vatn og opp ei fjellside! pjuhh! :)

Nedover Skanse-veien va ei ny utfordring, kulekjøringa var hard for både anklar og lår, så då var det godt å endeleg vere nede på Skansemyren, kunne ta av skia og vandre fornøgde heim! :)