torsdag 4. mars 2010

Tur til Blåmanen


Sprang heim frå jobb! Pakka sekken, smurte nistepakke og stavra oss avgårde med skia på skuldrane... Nådde Fløybanen kl 1630 og endeleg oppe! Klare for å nyte den siste soldagen, siste snøen og kanskje siste skitur på byfjella? Forhåpentlegvis ikkje ;)

På veg opp mot Blåmanen! herlig laus-snø, fint føre, Marina har smurt skia sine perfekt, eg har joksa (igjen!) med kortfellane mine! ehmm..




Herleg utsikt vi nyter sola som er på veg ned....

Litt slit i dei brattaste oppoverbakkane, men konklusjonen var at det var verdt ganske mykje slit for den utsikten, naturen og opplevelsen av Bergen på sitt beste ;)

Endeleg ser vi toppen! Då var det berre å finne vegen nedatt på andre sida! Burde vel ikkje vere noko problem? ...

Vi fulgte skispora som såg ut til å lede oss riktig veg... og tilslutt gjor dei heldigvis det... men litt kaving, knall og fall i laus-snø, med skisko som nok ikkje er heilt berekna på offpistekjøring... Men det gjekk bra til slutt, som det alltid gjer ;) Vi fann att løypa etter å ha følgt eit par litt tvilsomme skispor, over vatn og opp ei fjellside! pjuhh! :)

Nedover Skanse-veien va ei ny utfordring, kulekjøringa var hard for både anklar og lår, så då var det godt å endeleg vere nede på Skansemyren, kunne ta av skia og vandre fornøgde heim! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar