lørdag 10. juli 2010

Brevandring


Tur på Bødalsbreen. I dag skal vi leike oss på breen :)


Ei lita økt med øving før vi knyte oss inn i to taulag og spaserar oppover på breen...

 

Utfordra oss sjølve med ei lita klatrerute på veg opp.. hehe..

Matpause :)



:) :) :) :)

Tur til Lodalskåpa


Atter ein gang tok eg turen til vakre Bødalen med Lodalskåpa som mål. :D Denne gangen med DNT - Bergen Turlag.


Kristine var populær og fekk seg fleire gode turkompisar...

  

Brattebakken!


Endeleg oppe på breplatået igjen :D

 

Opp opp opp :D

 

Her plasserer vi sekkar og tau, tar ein liten matbit, og tar fatt på siste skumle klatrebiten opp til toppen! Ikkje langt att no!


Berre rett opp her...


JIPPI!!!!!


Vi var heldige og nådde toppen akkurat då det blei ei lita gløtt i skya som hadde ligge over Kåpa... og utsikten va fortsatt heilt ubeskriveleg vakker!!


Då skya kom tilbake klatra vi nedatt... bakover på alle fire!



9 timar opp, 4 timar ned denna gangen og :) Herlig tur igjen!!

søndag 4. juli 2010

Brekurs i Bødalen - Leik på breen

Laurdag 3.juli
Dag 6
Siste dag, i dag skal vi leike på breen! :D

 

Base!


Marita (blå) klatrar oppover, medan (grøn) rapellerar


Prustikkgang.. Her kan du angre, Marita på at du lo av mitt stakkarslege forsøk på å kome meg opp! Detta va MYKJE vanskelegare enn det såg ut til. Etter å ha trakka og trakka seg oppover i tauet i ein evighet, heilt utslitt, titta eg ned.. ja.. fortsatt kunne eg sette beina i bakken... ca 15cm stigning på 15min. Fritt for ikkje å dette ned i ei 20m sprekk og kome meg oppatt sjølv på denne måten...


Ei heilt fantastisk veke i Bødalen var slutt... *sukk* Detta frista til gjentakelse! Definitivt!

Brekurs i Bødalen - Lodalskåpa

Tur til Lodalskåpa :D


Lodalskåpa/Vestlandsdronninga/ Kåpa. Nordfjord og Breheimens sin høgaste topp på 2083m. I følge Wikipedia er den utvilsomt vansklegaste oppstiginga frå Bødalsetra.. so veit de det!


Den berømte snøbakken! ..ein av dei! Faktisk ganske skummelt å gå opp her, iallefall når en går utifrå at om eg dette her kjem eg til å selge til botnen og dø! (Dette var sjølvsagt før vi lærte snøbakketeknikk) Turen nedatt gjekk so det suste på rompa! Det va så gøy at hadde eg hatt meir mat skulle eg gått opp og aka nedatt ein gang til!




Oppe på breplatået! Jostedalsbreen. Litt vind, men kva gjer vel det i detta landskapet! Snør igjen jakke og hette, på med sele, tau og vi er klare for turen over Jostedalsbreen! Dette er stort!


Snøbakke nr. 2. Om muleg, endå brattare enn den første.. Her er det berre å trakke seg oppover eit steg om gangen og ikkje gje opp sjølv om toppen er umulig å skimte.

 

Oppe på platået. Her ser vi både Brenibba og dronninga! :D Sjå der e ho!


HURRA!! Endeleg oppe, etter ei svært så skummel og utfordrande siste stigning! Steinrøys med snø og is mellom steinane... følte meg ikkje høg i hatten oppover det. Det einaste eg tenkte va at eg ikkje måtte tenke på nedoverturen.. haha! Men her! Her er eg stolt!



Nyt utsikta! Heilt nydeleg! Heilt fantastisk! og.. min første 2000m topp (i Norge) Herlig! Ikkje mykje slår den følelsen det er å vere på toppen. 9 timar brukte vi opp! Og vi var halvvegs! Men no skulle vi berre ake oss heimjen.. 4 timar nedatt! det gjekk fort! og eg gleda meg allereie til neste fredag då toppen atter ein gang skulle bestigast! Hurra!

Brekurs i Bødalen


Brekurs på Bødalsbreen i Bødalen, Loen, Nordfjord, Sogn og Fjordane, Norge :)
Eg er so nerme heime, det er så utruleg nydeleg og her har eg aldri vore før! why??? Men no e eg her og skal nyte kvart eit sekund, sluke all ny kunnskap, ta inn alle inntrykk av både vakker og voldsom natur!


Mandag 28.juni
Dag 1
Veiret overraska! Der er den, breen! woow.. vi skal opp der! wiiiii!!


Vi tek dei første usikkre stega på isen.. står vi støtt? Kan vi stole på stegjerna? Ja, det går bedre og bedre - litt gangtekknikk;
- hugs å bøye knea når du skal bratt nedover
- gå sikksakk bratt oppover
- ikkje dett!
- viss du dette, løft beina og bruk øksa.. jaaada! huff, ikkje dett!


Detta går jo strålande! :D *glis*


 

Dette er jo GØYGØYGØY!!


Tirsdag 29.juni
Dag 2
Endå ein dag med nydeleg veir. Vi går endå litt lenger opp i breen, øver på å gå i taulag, skru isskruar, knyte knutar og berre nyte opplevelsen av å vere ute!


Onsdag 30.juni
Dag 3
Tåke. Regn, høljeregn, kameratredning, våt, kald, ekstatisk happy for berre å vere ute! Alt er kaldt, ein er våte gud kor digg det var å kome tilbake til hytta, kjøttkaker i brun saus etter 2 timar ved grytene.. haha! Herlig!!


Torsdag 1.juli
Dag 4
Sola skin igjen og vi skal ha kameratredning på snø! Hurra! :)


Litt undervisning i flora før vi spaserer opp på breen igjen! I dag skal vi langt opp :D jej!


Utfordring: Vi prøvar ei alternativ rute opp! Eg ledar an, klatrar, skrur, klatrar, skrur, hjelp går detta bra? Ja, det gjekk bra! Alle kom velberga opp... etter å ha brukt ca 1t på å kome tilbake dit vi starta.. hehe...


Endeleg oppe på snøen! Litt få og smale sprekker! men redning på snø må vi lære oss, og vi brukar det vi har.

 

Flaks at eg var liten nok til å komme meg ned i sprekka og vere første prøvekanin! Litt kaldt med mage og rygg mot isvegg - og veldig glad for at eg ikkje ramla ned her og kjilte meg fast! pjuhh! Eg hang der berre 45minutt.. gjekk fint det ;)


Glade og fornøgde vandrar vi nedatt.. klare for morgondagens store utfordring..... ;)