Tur til Lodalskåpa :D
Lodalskåpa/Vestlandsdronninga/ Kåpa. Nordfjord og Breheimens sin høgaste topp på 2083m. I følge Wikipedia er den utvilsomt vansklegaste oppstiginga frå Bødalsetra.. so veit de det!
Den berømte snøbakken! ..ein av dei! Faktisk ganske skummelt å gå opp her, iallefall når en går utifrå at om eg dette her kjem eg til å selge til botnen og dø! (Dette var sjølvsagt før vi lærte snøbakketeknikk) Turen nedatt gjekk so det suste på rompa! Det va så gøy at hadde eg hatt meir mat skulle eg gått opp og aka nedatt ein gang til!
Oppe på breplatået! Jostedalsbreen. Litt vind, men kva gjer vel det i detta landskapet! Snør igjen jakke og hette, på med sele, tau og vi er klare for turen over Jostedalsbreen! Dette er stort!
Snøbakke nr. 2. Om muleg, endå brattare enn den første.. Her er det berre å trakke seg oppover eit steg om gangen og ikkje gje opp sjølv om toppen er umulig å skimte.
Oppe på platået. Her ser vi både Brenibba og dronninga! :D Sjå der e ho!
HURRA!! Endeleg oppe, etter ei svært så skummel og utfordrande siste stigning! Steinrøys med snø og is mellom steinane... følte meg ikkje høg i hatten oppover det. Det einaste eg tenkte va at eg ikkje måtte tenke på nedoverturen.. haha! Men her! Her er eg stolt!
Nyt utsikta! Heilt nydeleg! Heilt fantastisk! og.. min første 2000m topp (i Norge) Herlig! Ikkje mykje slår den følelsen det er å vere på toppen. 9 timar brukte vi opp! Og vi var halvvegs! Men no skulle vi berre ake oss heimjen.. 4 timar nedatt! det gjekk fort! og eg gleda meg allereie til neste fredag då toppen atter ein gang skulle bestigast! Hurra!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar