lørdag 25. september 2010

Tur til Reinekallen og Eikeneshesten

 

Eg, mamma og Bente nytta denne fine dagen til ein tur på Eikeneshesten som eg har høyrt så mykje om, men aldri besøkt!

 
Hipp Hurra! Det er gøy å gå på fjellet!!

 
Nydeleg utsikt og eg likar meg opp-ned!

 
På toppen av Reinekallen, eg klarte å lure dei innom ein ekstra topp på vegen..

 
Litt vind, men humøret er på topp! Her ser du Gjengnen i bakgrunnen!

 
Toppen av Eikeneshesten! Jippi!

 
Litt akrobatikk må til ;)

 
Alle er med :) hehe...

Etter ein matpause tok vi like greit ei lita yoga-økt med utsikt innover Hyefjorden! :)

Det vakje heilt lett å finne vegen nedatt, men med kart og kompass og litt prøving og feiling kom vi oss nedatt til slutt! Nok ein nydeleg tur i vakkert Gloppenlandskap! :)

fredag 10. september 2010

Finse - Geiteryggshytta - Finse


Jentetur

Hannah, Tine, Kristin tok toget frå Oslo, mens eg kom frå Bergen til Finse. Tine kom først og tok meg imot på stasjonen :) Luksus! Vi tok oss eit velfortent glas raudvin medan vi venta på dei to siste... Etter ein 3 retters middag og eit par glas til gjekk gjekk vi tidleg til sengs i sovesalen for å vere klare til morgondagens tur.

Frukosten tilbredte vi utandørs, sia det ikkje er lov å nytte medbrakt mat på Finsehytta. Og ekte friluftsjenter som vi er var det ikkje noko problem å ta med primusen og handleposane ned til vatnet for ein betre frukost i morgonyren! ;)

Etter litt ompakking av imponerande mengder medbrakt mat... ;) var vi klare til avmarsj!

Rett frå sol og "sommar" på Hitra, var det ein overgang å kome til skikkeleg haust på Finse. Tåka reduserte utsikten kraftig, men vi hadde raude T'ar og mykje fin stein å sjå på og heldigvis litt snø å leike i ;)

Litt skummelt er det å krysse store elver ;) Det gjekk heldigvis bra denna gangen og! Tine og Kristin konsentrerer seg om å hoppe frå stein til stein!!

Etter ein lang tur, kanskje litt i lengste laget, kom vi fram til Geiteryggshytta. Etter å ha godt i6t 40m var vi utruleg stolte og ikkje minst slitne! Fy søren kor flinke vi va! I stort sett regnveir og vind heile turen! Då var det ekstra godt å kome fram! Eigen sovesal fekk vi og! Vi innlosjerte oss og rakk akkurat middag! Nam, heimefiska ørret rett frå Geiteryggsvatnet! Ikkje dårleg!
Litt raudvin og endå litt ekstra raudvin etter maten til spel, massasje og rekreasjon i fellesstova!

 
Etter ein koseleg kveld og ei god natts søvn, tok vi ein god frukost på sovesalen. Hannah og meg tok med oss primusen ut og kokte vatn. Morgonen var fin, sola gløtta fram bak skyene og smilet og motet var på topp framfor den like lange tilbaketuren!

  
Lure jenter tek ein "ulovleg" frukost på rommet ;) Varmt vatn vert servert på termos inn vindauget ;)

 
Smilande og blide, klare for anmarsj igjen ;) Flinke jenter!

 
Kristin the SUPERWOMAN! og eg er klar som eit egg!

Regnboga titta fram og vi la i veg for å finne skatten :D

Hannah - Merry!

Tine - Frodo og Kristin - Pippin kryssar endå ei farleg flod!! Blitt betre på det no, men fortsatt dødleg konsentrert, vi har dei farlege svarte rytterane rett bak oss!! Elisabeth, Sam tek seg av fotograferinga og frakting av all den gode maten (som vi for sikkerhetsskuld har tatt med oss og ikkje heilt klart å ete opp, vi har nok for eit par dager til om vi skulle bli veirfaste)

 
Regnet kjem, men vi går og går... synge og trallar, hoppar frå stein til stein



Tine byrjar å sjå lyset i tunellen! :) Hurra!
Glade, stolte og slitne etter ei utfordrande helg i fjellheimen :)

Takk for ein flott tur jenter!

Eg må berre ta med den imponerande matlista:
- 12 epler
- 6 appelsiner
- 1 boks druer
- 500g sjokoladepålegg
- 250g nugatti
- sjokolade
- 300g havregraut
- 10pk rett i koppen suppe
- solbærtoddi
- kakao
- kaffi, te
- 2 tubeost
- 30 knekkebrød
- 1 brød
- 8 gullerøtter
- 2pk kjeks
- 2 posar suppe/gryte

Hadde i allefall ikkje svolte ihjel....

torsdag 9. september 2010

Friluftsliv ved Kysten - Henriksøya, Hitra


Friluftsliv ved kysten
Søndag 5. - Torsdag 9.september

 
Veiret er vakkert, naturen er vakker, elevane er vakre! :) Etter båttur frå Trondheim og minibuss vidare til denne vesle kaia, har vi ein times ventetid før vi skal bli henta og køyrt til Henriksøya som skal vere vår heim dei neste 4 dagane.

 
Tenk å vakne opp under open himmel til soloppgang i detta landskapet! Like vakkert var det å leggje seg om kvelden. Klarte nesten ikkje late att auga med alle dei stjernene og det vakre nordlyset som leika seg på himmelen.
Morgonen starta med å hente garna! 1.dag fekk vi ein stykk Skarv i garnet.. hmm.. jaja, kanskje det blir godt til middag? (vi smakte den aldri)

 
Heldigvis er det ikkje noko å sei på fangsten gutta får på stang!

 
Eller krabbeteinene!
Her prøva eg å virke som om det er heilt normalt for meg å bere ei kasse full i levande krabber.. smilet var kun for bildet.. Eg var ikkje so tøff som dessa to jentene! Silje og Marita tok opp den største krabba for fotografen ;)

Her er vel det skumlaste eg tørr å ta i.. hmm..

 
Marita sløyer sin første fisk. Eg instruerar og held meg bak kamera.. ekje vits i å bli skitten på fingrane... ;) Kjempe flink Marita! Ei grønn krabbe utanfor kaia!

 
Magnus viser villeg korleis vi skal filetere fisk! Resultat! Toril skal vel og ha litt av æra for dessa filetane!

Nam, du skal bli god middag! ;)


...du ska få leve!

 
Silje, meg og Toril klare for vekas største utfordring, nemlig livredningsprøva! Mange gruar seg mens nokon gledar seg! Jippi, bade!!! Det var, for info, litt kaldare i vatnet enn det ser ut som på bileta! men akkurat like kjekt ;)
Først hoppa vi uti frå brygga, svømte nokre meter fram til den oransje dukka som låg på botnen. Denne skulle vi dykke ned og redde opp!

 
Toril og Mari Anne in action!
Deretter kasta kameraten vår ein livbøyle til oss, den svømte vi utatt til brygga med for å redde ein stakkars som låg der og duppa! Så var det å svømme/bli dradd med "den redda" tilbake til land. Opp på brygga og gje HLR til vesle Anna.

 
Speilblankt, så vindstille som det aldri før har vore på Hitra! Iallefall skjer det svært sjeldan! Men vi fikk oppleve det! Hurra!

 
Klestørk og Krabbekoking!


 
Sjå den gode maten! NAM!! Det blei mykje god sjømat denna veka, soklart!

Silje ausar båten, for vi skal ut på nattorientering i båt! Navigering etter stakar og fyrtårn!

 
Ein levande, og ein død kråkebolle!


Det var ikkje lett å segle i detta veiret! Vi snigla oss avgårde. Ville du ræse fekk du velje kajakk!

 
Navigering mellom dei tusen øyene! Ikkje heilt enkelt, men utruleg flott!

  
Litt sprell på ein blå benk på ei øde øy!

Kveldstur rundt på Henriksøya! Vi skulle prøve å finne den berømte kirka, men måtte til slutt gje opp! Skulle hatt med oss kart og kompass!! No er det tilbake til det siste måltidet! Havets frukter på kaja!