fredag 10. september 2010

Finse - Geiteryggshytta - Finse


Jentetur

Hannah, Tine, Kristin tok toget frå Oslo, mens eg kom frå Bergen til Finse. Tine kom først og tok meg imot på stasjonen :) Luksus! Vi tok oss eit velfortent glas raudvin medan vi venta på dei to siste... Etter ein 3 retters middag og eit par glas til gjekk gjekk vi tidleg til sengs i sovesalen for å vere klare til morgondagens tur.

Frukosten tilbredte vi utandørs, sia det ikkje er lov å nytte medbrakt mat på Finsehytta. Og ekte friluftsjenter som vi er var det ikkje noko problem å ta med primusen og handleposane ned til vatnet for ein betre frukost i morgonyren! ;)

Etter litt ompakking av imponerande mengder medbrakt mat... ;) var vi klare til avmarsj!

Rett frå sol og "sommar" på Hitra, var det ein overgang å kome til skikkeleg haust på Finse. Tåka reduserte utsikten kraftig, men vi hadde raude T'ar og mykje fin stein å sjå på og heldigvis litt snø å leike i ;)

Litt skummelt er det å krysse store elver ;) Det gjekk heldigvis bra denna gangen og! Tine og Kristin konsentrerer seg om å hoppe frå stein til stein!!

Etter ein lang tur, kanskje litt i lengste laget, kom vi fram til Geiteryggshytta. Etter å ha godt i6t 40m var vi utruleg stolte og ikkje minst slitne! Fy søren kor flinke vi va! I stort sett regnveir og vind heile turen! Då var det ekstra godt å kome fram! Eigen sovesal fekk vi og! Vi innlosjerte oss og rakk akkurat middag! Nam, heimefiska ørret rett frå Geiteryggsvatnet! Ikkje dårleg!
Litt raudvin og endå litt ekstra raudvin etter maten til spel, massasje og rekreasjon i fellesstova!

 
Etter ein koseleg kveld og ei god natts søvn, tok vi ein god frukost på sovesalen. Hannah og meg tok med oss primusen ut og kokte vatn. Morgonen var fin, sola gløtta fram bak skyene og smilet og motet var på topp framfor den like lange tilbaketuren!

  
Lure jenter tek ein "ulovleg" frukost på rommet ;) Varmt vatn vert servert på termos inn vindauget ;)

 
Smilande og blide, klare for anmarsj igjen ;) Flinke jenter!

 
Kristin the SUPERWOMAN! og eg er klar som eit egg!

Regnboga titta fram og vi la i veg for å finne skatten :D

Hannah - Merry!

Tine - Frodo og Kristin - Pippin kryssar endå ei farleg flod!! Blitt betre på det no, men fortsatt dødleg konsentrert, vi har dei farlege svarte rytterane rett bak oss!! Elisabeth, Sam tek seg av fotograferinga og frakting av all den gode maten (som vi for sikkerhetsskuld har tatt med oss og ikkje heilt klart å ete opp, vi har nok for eit par dager til om vi skulle bli veirfaste)

 
Regnet kjem, men vi går og går... synge og trallar, hoppar frå stein til stein



Tine byrjar å sjå lyset i tunellen! :) Hurra!
Glade, stolte og slitne etter ei utfordrande helg i fjellheimen :)

Takk for ein flott tur jenter!

Eg må berre ta med den imponerande matlista:
- 12 epler
- 6 appelsiner
- 1 boks druer
- 500g sjokoladepålegg
- 250g nugatti
- sjokolade
- 300g havregraut
- 10pk rett i koppen suppe
- solbærtoddi
- kakao
- kaffi, te
- 2 tubeost
- 30 knekkebrød
- 1 brød
- 8 gullerøtter
- 2pk kjeks
- 2 posar suppe/gryte

Hadde i allefall ikkje svolte ihjel....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar