Det er -21 grader, klar himmel, sol og masse snø! Ein superklar gjeng samlast på parkeringsplassen på Mylla i nordmarka. Sekkane er pakka, pulkane er lessa og skia er komne på beina for første gang denne vinteren. Litt skeptiske til om vi kjem til å overleve denne strabasiøse helga i den bitande desemberkulda... Med godt mot vandrar vi innover i skogen...
Vel framme på ein veleigna leirplass tok nokon seg av bålfyring og etablering av leirplass medan andre gjekk ut i skogen for å hogge tre! Mange, lange og tonge tre, helst langt unna slik at vi kunne jobbe oss varme ved å dra trea tilbake gjennom tett skog - gøy!! Så var det berre å sette igang med hogging av ved, gapahukbygging og etter eit par timar kunne vi endeleg sette oss ved bålet, varme kalde fingrar og litt snø til ein betre middag :)
Etter ein kosleg kveld med rakfisk og frosen rømme i lompe til forrett og ei knallgod kyllinggryte til middag kunne vi, litt nervøst krype ned i soveposane og håpe på at vi vakna dagen etter utan større frostskader.
Det var fantastisk å vakne, høyre at nokon hadde teke ansvar og laga eit godt varmt frukostbål slik at det berre va å stikke dei litt kjølige fotane inntil bålet når dei til slutt våga seg ut av soveposen.
Etter at leirplassen var rydda og sekkane pakka, sette vi kurs for camp 2. Vel framme var det berre å sette igang med vedhogst og saging til fellesbålet. :) Fin måte å halde varmen på i fortsatt - 26 grader...
Alle tok i eit tak for å fellesskapet ;)
Matlaging på bål: 1stk svært frosen ytrefilet av svin
x antall oppkutta frosne gullerøter, kålrot, poteter
1stk blåmuggost, 1stk krydderost, litt fløyte og anna godt
1 stk fin kveitedeig rundt ytrefileten før den blei kasta til forkulling på bålet
Mmmnam! Resultatet blei knallgodt!
Etter maten leika vi litt på isen, eit tips til å halde varmen utpå eit islagt vatn med mange minusgrader både over, under og rundt er å stå litt på haudet eller dra seg etter ispiggar så langt du gidd. Eventuelt kan du ta deg ein skitur utan stavar på ski utan smurning i sola! Då blir du faktisk varm! og GLAD!
Det var kaldt og vakkert! *Glede*
Etter ein lang dag i aktivitet måtte vi sette igang med gapahukbygging igjen - viktig med ein bustad for natta! Litt rot blir det, men vi har sjølvsagt eit svært bra system i kaoset ;)
Etter å ha hogga tre, kappa ved, laga bål, ete kvelds og kosa oss ved bålet blei vi lokka ut på ei svært kald men spanande nattorientering der vi heldigvis fekk premie sjølv om ikkje alle postar var å oppdrive.
Natt nr 2 var den kaldaste natta, og den kaldaste morgonen. Då var det flaks at eg hadde meldt meg frivillig til å tenne morgonbålet. Det angra eg ikkje på då eg stakk lunkne bein ned i skisko med ein temp. nermt -21* og prøvde å stokke fingrane mine for å bygge eit bål. Eg spikka og bygga og spikka og bygga og prøvde å tenne på, nei - ingen flamme ? Hæ? ok prøve igjen... etter 3 forsøk trudde eg føtene skulle dette av og eg ga opp heile bålet for å få av meg dei frosne skoa. Då tok det fyr! HIPPHURRA! Humøret gjekk fra bonn til skyene på 5sek. Bare fotar inni flammane, endeleg kom følelsen tilbake og vi kunne ete frukost med god stemning rundt bålet :)
Etter nok ein lang dag med skileik og anna leik, vedhogst og matlaging gjekk vi kvar til vårt for å bygge vår eigen lille gapahuk for natta. Siste natt var nemlig aleinenatt!
Litt skeptisk i starten, men det blei kosleg til slutt. Både gapahuken og bålet blei vellykka, litt skeptisk blei eg etterkvart til bålet som eg omhyggeleg hadde plassert rett under eit pittelite tre med litt mykje snø i toppen, men etter eit par snøras som bålet heldigvis overlevde, kunne eg puste letta ut. Heilt til bålet blei så stort at eg begynte å bekymre meg for om det pittelille treet skulle bli slukt av flammane..
Det gjekk bra, og eg kunne senke skuldrane, tine kuldekremen, ta meg ein velfortent snus og ein kopp bål-te. Utan klokke vakje det heilt lett å vite korti ein burde legge seg, men eg trur eg kom meg i soveposen innan rimeleg sengetid. Varm og god etter omhyggeleg plassering av halve granskogen til underlag, to lag ullkle, dunjakke, varme-greie på ryggen, lakenpose + sovepose + fjellduk + lakenpose + ei dunjakke til oppå og bålet ikkje langt ifrå, sovna eg og holdt meg varm heile natta! Hurra!
Siste dag gjekk med til rydding av leirplass og litt oppsummering. Godt fornøgde tok vi skia fatt tilbake til parkeringsplassen og endeleg kunne vi kome inn i varm bil og vidare til varm Gardermoen der vi fekk skifte undertøy og anna tøy noko som iallefall dempa bållukta litt ;) Og ikkje minst...
Ein betre pizza-middag på peppes!
Ein svært minnerik og erfaringsrik tur! :D
Kjekt å ha opplevd, men eg tvelar på eg frivilleg legg meg i gapahuk i -26 grader igjen ;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar