mandag 16. mai 2011

Josten på langs 2011

Erdalen!
Endeleg skal vi, Marita og eg få gå Jostedalsbreen på langs. Noko har vi drøymt om lenge! :D :D

Marita og vår telt veninne, Tiril, set opp teltet på Vetledalseter, medan eg står for "mat"-laginga... Vi rekk akkurat å snøre att glidelåsen i teltdøra før himmelen åpnar seg...


Dag 2. Tidleg opp, det yrar og tåka ligg langt ned i fjella.. Frukosten blir inntatt i ståande buffet, eit par nervøse turar på utedoen, feste skia på sekken og så set vi avgårde. Over 80 ivrige turlagsfolk.

Tiril, Marita og eg er superklare for dagens etappe.


Då vi starta å gå, gav regnet seg og sola kikka faktisk fram..



Av med sekken, jakka og få tilbake pusten etter ei ganske bratt oppstiging...



Her startar Erdalsbreen. Endeleg kan vi spenne på oss skia og labbe oppover. Sakte men sikkert i rykk og napp slik det naturlegnok blir når over 80 personar skal gå på rekke ;-) Men vi nyt naturen, kosar oss i sola og gledar oss over å få vere ute og oppleve den fantastiske vestlandsnaturen!




Ei lita puste- og matpause før vi traskar vidare. Eit roleg og fint tempo så vi kan nyte det nydelege veiret som vi ikkje hadde venta å få på denna turen! :) vi nyt det og hive både jakka og gensaren. Endeleg er det skikkeleg t-skjorte veir!


Det er ein fasinerande opplevelse å gå på lang-lang-laang rekke :) Ein vert liksom nøydd å følgje den farten som nokon andre bestemme! :) Men det var kanskje greit at vi ikkje speeda avgårde i vårt eige urutinerte tempo... Vi hadde iallefall god tid til å nyte naturen!


Marita og meg med Lodalskåpa i bakgrunnen :D


Dagens første utfordring - Nedoverbakke! :D Ikkje så lett som ein kanskje skulle tru..


Med tung sekk og ikkje så alt for rutinerte skiferdighetar vert det eit par knall og fall, men vi kom oss ned alle saman - og endeleg kom dagens første melkesyre snikande!!


Småttene - her må vi gå i tau. Vi var 4 taulag og ei rekke på ca 250m - det va tøfft! Og det gjekk saaakte! hehe... 


Flott å sjå heile gjengen vandre oppover breen - og no gledar vi oss alle til å slå leir! Dagen har blitt lang - og veiret har snudd - no snør det og vinden har teke seg opp. Gledar oss til middag/kvelds ;)

Teltleir :)

Dag 3 er tung. Det er absolutt ingen sikt - alt er kvitt og vi følger etter turleiarane som går framst på GPS- kurs. Vi som går bak skjønar ikkje kvifor vi går i siksak - før vi prøvar oss på ein liten tur ut av sporet på eiga hand - då skjønar vi at det ikkje er lett å gå rett fram ;)

Etter å ha gått i mang timar med vekslande klabbeføre og bakglatte ski - er det godt å få grave seg ei lita lunsjgrop og koke opp litt varm solbærtoddi! :)

Det blei mange stopp! MANGE!! Ekje lett når halvparten klabbar og resten har bakglatte ski!

God sikt!
Etter ein lang og tung dag var det ingen som klaga då turleiarane foreslo å slå leir litt tidlegare enn planlagt! Det var godt å krype i soveposen og drøyme om betre føre og veir i morgon!

Marita og eg prøvde so godt vi kunne å lage ei vindvegg! Det var jo greit å ha noko å gjere på medan ein venta på middag! Vi trur den funka sånn passe ;) hehe.. bortsett frå etter at vinden snudde...

Dag 4 - Vi ser horisonten igjen!!! HURRA!

Kald morgon :D

Toalettet! 

Godt vi hadde levegg!!

..og så titta sola fram igjen :) ;)


Ein fryd å vandre avgårde i pudder!

Ei lita pause med litt praktisk informasjon frå turleiarane!



Kosar oss på tur!

Og så kom nedoverbakkane - hjelp!

Klar for dagens utfordring!

Etter å akkurat ha ledd av marita som kom rullande nedover og skrøte over ikkje å ha døtte sjølv enda - "eg trur eg har funne teknikken for å kome meg ned utan fall" - så måtte det jo berre skje - rulla nedover bratta - dradd av sekken, mista staven, utan kontroll, latterkrampe!!! :) 

Heldigvis kom der snille folk bak meg som kunne plukke med stavane mine mellom latterkrampene! hehe..  

Lykkeleg framme ved Flatbrehytta!!! No er det berre 1000 høgdemeter ned til Fjærland! :)

Eg må sjølvsagt nyte utsikten opp-ned før moroa startar igjen!

Klare for nedoverbakkane på beina!

...eller på rompa :) Så gøy og så effektivt!!

Lykkeleg over å kunne bruke rompa istadenfor beina!


Takk til Marita for ein nydeleg tur. Marita har og bidratt som medfotograf.. og sjåfør ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar