lørdag 5. februar 2011

Finse



Då er vi klare for årets første kalde utfordring! :D Finse i Februar! :D
Med Mylla ferskt i minne pakkar vi alle varme kle vi har pluss litt til og set oss på toget til Finse!
Heldigvis har vi denna gangen eit samfunnshus vi kan bu i viss vi vil..

men det vil vi sjølvsagt ikkje.. nokon av oss set opp telt utanfor, noko som kan vere utfordrande nok det når man har gløymt korleis ein festar innerteltet, vinden blese og fingrane fryse til is! ;)
Til slutt får vi festa både eit og to telt, pakka masse snø på så det ikkje skal blåse avgårde, og så kan vi gå inn i varmen til ein veldig god middag :)

Dag to er veret betre, vi er til og med så heldige at eit par solstrålar klarar å presse seg gjennom skyene :D
 
Her er Gunn Helene og eg godt igang med deduktiv graving av kantgropa som skal verte nattas overnattings stad.

Kantgrop:
1. Grav ei 1,5m lang, skulderbrei, og halshøg grop

2. Set saga ca 20cm frå "taket" i ein 30* vinkel og sag... slik Gunn Helene så perfekt viser det her.

 
3. Blokkene du får må du ta godt vare på så ikkje naboen stel dei... ;) så kan du bruke dei til tak og "dør" etterpå!!

Her har Jon Aksel og Jannicke laga "trapp" til å legge dør-blokkene på.. og Jannicke finpussar innvendig! Det er viktig at taket blir så glatt som mogeleg - slik at snøen som eventuelt skulle smelte ikkje drypp!

 
4. Hugs å ha det KJEKT!! Marita demonstrerar litt dans og moro for å halde varmen når ein ikkje sagar, bær tonge snøblokker eller skuffar avgårde all snøen som må ut av hola! Ein pust i bakken må man og sjølvsagt, sjå Silje som sit godt fornøgd utafor den flotte nye bustaden sin!

 
5. Testligg eller sitt!
Når gropa har fått tak og veggane er glatta ut er mesteparten av jobben gjort! Viss ein er erfaren og flink kan ein visstnok lage kantgrop på under 1t.. vi tok oss litt bedre tid :D

 
6. Ta deg tid til ei lita yogaøkt inne i kantgropa!

7. Så, når kvelden kjem, liggeunderlag, sovepose, stearinlys og masse varme klede er plassert i gropa, kan du få litt hjelp til siste blokka som stenger utgangen og så er det berre å legge seg godt i soveposane, reflektere litt over dagen og livet og sove GODT :D

 
Dag 3 vart det perfekt ver både for å øve på å stikke søkestang i snøen og å bli stukken av søkestang..

Marita in action!!

Det er viktig å kle seg godt.. hihi.. Marita fryse iallefall ikkje!


Etter å ha øvd på skredsøking, orienterte vi oss ein tur over Finsevantnet, der fekk fleire av oss erfare, nok ein gang at ein ikkje ska undervurdere kulden. Brr.. plutseleg va fingrane ubrukelege og det er berre sovidt du klarer å opne sekken og få ut dunjakka du HELDIGVIS har stappa i sekken! Og så må ein stole på kompasset og ikkje haudet! Nåla peikar alltid mot nord.. hehe... lett å gløyme! ;)

Siste kveld brukte nokon ute for å øve på å grave nødkantgrop.. det tok ikkje lang tid å grave, men det frista lite å legge seg i ei grop der taket var 5-10cm over nasa.. så denne natta blei, av dei fleste, tilbragt inne i den varme gymsalen.

Ei utfordrande og veldig kjekk samling! Marita og eg vart att ei ekstra natt for å få med oss Ekspedisjon Finse, med mange interessante foredrag. Ei ekstra natt i den store kantgropa gjorde seg! Det var ikkje med heilt lett hjerte vi forlot vår kjære bustad for å ete frukost "med" Statsministeren. Men etter ein lang dag på ekspedisjonsfestival var det godt å setje seg på toget tilbake til Bergen og :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar