Hemsedal! Topptur! Nedtur! Masse god mat og drikke og sjølvsagt svært godt selskap! Kan vel ikkje bli så mykje betre enn det ? :)
Erlend og Marita brøytar seg veg i ny og heilt fantastisk pudder.
Etter å ha gått langt og lenger enn langt i skiløype med telemark og randonee utstyr var det godt å begynde den ikkje så altforbratte "oppstiginga" til fjellet vi hadde sett oss ut som dagens topp!
Ein fargerik lunsjpause! Erlend kommenterte det kanskje litt for matchande utstyret vårt.. men vi diggar det! Rosa, grønt, røtt, lilla, :D wii!
Mens eg og Marita har superprofft topptur utstyr, beviser Erlend at det er fullt mulig å gå med vanlige fjellski.. Iallefall viss ein er litt tøff og sta! :D
Her kom vi fram til at det måtte ha vert ein ulv eller gaupe!
Erlend er først på toppen!!!
Men eg og Marita var hakk i hel!
Så må eg berre sjekke om utsikten er like fin opp-ned!
Det var den :D
Godt fornøgde med dagens innsats!
Turen ned va heilt fantastisk. Akkurat passe slakt og fint til at vi kunne kose oss og nyte lange slake svingar.. Her er Erlend med snø til knea.. vakje fjellski så bra nedover eller? hehe..
Dag to var det berre eg og Erlend som drista oss til ein topptur, som ikkje blei heilt som planlagt... men vi kom oss både opp og ned.. sjølv om det å gå rett opp kanskje va litt lettare med breie randoski enn på fjellski! Utfordring kallar vi det! :D
Nesten nede etter nok ein flott tur!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar