søndag 20. mars 2011

Bygge og bu i Finsesatelitt


Så var vi tilbake på Finse! No er det blitt langt ut i mars, men vi har nok ein gang pakka sekkane med alle varme kleda vi eige, for denna gangen har vi ikkje eit varmt hus å krype inn i om tæra skulle bli kalde... I tillegg til kle, har vi telt, primus, sovepose, ein skog av teltpluggar, dunjakke, dunvottar, dunsokkar, mat for 4 dagar og sekken veg ein stad mellom 25 - 30kg på veg opp til Sandalsvatnet som ligg ca 300hm og 3km nord-aust for Finse.

 
Det tok litt tid og krefter, spesielt når ein ikje har teke med seg fellar... å gå opp... men jippi så glade vi er når vi er framme :D

Her satte vi opp telta i perfekt pil- formasjon i forhold til vindretning, bygga leveggar, stågroper inne i telta og kom oss i teltet for natta! Så snudde vinden! jaja.. ;)

Dag to var det tid for å byggje den berømte Finsesatellitten! Her står Trine Lise og eg rompe-til-rompe og greve flatmarksgropa som skal verte heimen vår dei neste nettene.

 
Finsesatelitt:
1. Merk opp område der satelitten skal vere - sett søkestang eller skistav i enden av di grop. Vi hadde ti groper, 5 på kvar side av "gangen", annankvar bortover. 2 og 2 gravde sine groper.


2. Etter at ein var ferdig med si grop gravde vi gangen, la blokker som tak på grop og gang og spadde snø over.

3. I eine enden av gangen lagde vi do (ei eiga lita grop) og inngang.

4. I gangen gravde vi ut kjøkkenkrokar.

5. Tettar taket med å kaste laussnø over blokkene.

Fullmåne! Vakkert!!

Dag 3. Strålande sol og verkeleg idyllisk på fjellet!!

Greit å vere heilgradert med både sol- og snøbriller!

Vi laga Åsnes reklame :) Veldig gode fjellski!!

Silje har laga flakskred av Trojkaen sin...

Silje!
Vi hadde litt ledigtid og tok oss ein liten topptur til Sandalsnuten (trur vi...) iallefall ein topp!

Eg måtte sjekke om verda forstatt var fin opp-ned! Jepp!

Jentene på tur! Toril, Elisabeth, Trine Lise og Silje :)

Lunsjpause i solsteiken!!
Playboys ;)

Tilbake til undervisninga - snøskred! Her søke Carsten og Thomas etter nedgravde sekkar!

Trine Lise passar på! :D hehe....

Vi fekk oss ein kveldstur på ski! Hurra!

 
Inne i hotellet vårt! Kjøkkenkroken!

 
Trine Lise og misi grop, og her er Silje og Ulrike igang med middagen!

Karin og Marianne kosar seg med kaffi til kvelds =)

På Finsehotellet etter endå ein vellukka tur! Litt slitne etter 300 nedovermeter med litt for tong sekk og litt for ustødige skibein.. hihi..




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar