Finse - igjen! Men no er vi langt ute i april, snart sommar, det er meldt regn og snø.. men eg og Harriett let oss ikkje stoppe av litt dårleg veir! Vi kryssar fingrane for opplett og i beste fall sol og reiser uansett!
Eg kom opp i 17-tida fredag og tok meg like greit ein skitur opp mot Appelsinhytta medan eg venta på Harriett som kjem med nattoget.. Det blåste og va litt mørkt i horisonten, men eg skulle ikkje langt. Nesten framme snudde eg og rende tilbake til Finsehytta.
Det var stortsett flatt, litt opp, litt ned, flatt... og det var stort sett fint veir. Heilt til vi skulle lunsje. Då kom den første og einaste snøbyga den dagen..
Etter litt opp og litt ned igjen kom vi til eit vatn! 2km igjen no! Og der ser vi hytta! Det var godt å vere framme etter 6,5t på ski!
Altfor tidleg framme på Haugastøl..
Kom oss tilbake til Bergen med nød og neppe, sia eg hadde bestilt billett tilbake forrige helg. 1t ekstra venting og satse på å få bruke biletten likevel, evt. måtte spele uskuldige og uvitande turistar! Konduktøren var snill! Heldigvis!
Sjå: Blå himmel! :D Lykke! Eg har trua på fine veir i morgon!
Etter litt reflektering (les.skulearbeid) og ein betre middag gjekk eg til sengs på sovesalen, skreiv ei melding til Harriett så ho skulle finne fram, og drøymde heile natta at Harriett gjekk seg vill på vidda, bråka i sovesalen og ga meg skulda.. og så rota ho seg vekk på vidda igjen! Det va heldigvis berre ein draum.. ho låg heldigvis i senga vedsida av meg når eg vakna laurdag morgon! Pjuhh!
Dagens stikkord: Opplett, Sikt, Smil og Smurning!
Smil! Vi var overlykkelege over det fantastiske veiret vi hadde. Og var positive framfor dagens marsj, ca 23km til Krækkja.
Smørestopp! Det vart mange smørestopp på oss. Vi starta med lilla, prøvde oss på raudt, blått, og til slutt måtte vi gje etter og ta fram tuba med klister... som sjølvsagt hadde frose! hehe.. vi fekk ut litt og litt heilt til tuba sprakk og alt kom ut! jada! No hadde vi iallefall feste :D
Det var stortsett flatt, litt opp, litt ned, flatt... og det var stort sett fint veir. Heilt til vi skulle lunsje. Då kom den første og einaste snøbyga den dagen..
Jaja.. vi berre greve oss ned! Det kan jo eg!! Snøen va tong, så eg vart iallefall ikkje kald!
Etter ei fin og lun lunsjpause i lunsjgropa, synes Harriett det var på tide å prøve å segle i vinden med fjellduken. OK! Vi prøvar! :)
Så slutta det å blåse. Jaja!
Den lengste og brattaste oppoverbakken! :D
Etter litt opp og litt ned igjen kom vi til eit vatn! 2km igjen no! Og der ser vi hytta! Det var godt å vere framme etter 6,5t på ski!
Harrisprett testar doen! :)
Søndag: Det er meldt masse masse vind, men vi skal få den i ryggen så er ikkje så stressa på det! Stakar oss avgårde med perfekt smurte klisterski!
Rett over haugen, plutseleg ingen vind og lettare skyer! Hurra! :) Resten av turen til Haugastøl prøvde vi å dra ut i det lengste. Vi gjekk 13km på 3,5t, mest nedover og til tider ganske bratt, men det gjekk!
Altfor tidleg framme på Haugastøl..
Vi gjekk ei lita ekstra runde for å finne togstasjonen, utan hell. Tok ein kaffi på hotellet, åt opp resten av sjokoladen og spurte etter vegen til togstasjonen :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar