søndag 24. april 2011

Påska 2011


Endeleg heime på Sandane. Påskeferie og heilt fantastisk påskeveir! Om eg blir med å gå Jardalen rundt? Klart eg blir!!!
Fredag: Onkel Arne, tante Kari-Ann, pappa, Kathrin og eg startar oppstiging til Svartekari. Litt blanda forhold med skare og sukkersnø, men fint var det!

Toppen av Svartekari, 1220moh, utsikt over Langedalen og langedalsvatnet!

På veg mot Tverrfjellet der framme.

Onkel Arne peikar ut vegen - eller forklarar eit eller anna :)

Tante Kari-Ann i farta over Tverrfjellet :)

Der framme ser vi Storevarden!


Etter å ha rent/aka ned ein veldig bratt og skummel bakke hadde vi lunsjpause før vi klatra/kleiv opp ein endå brattare bakke med skia i henda og hjertet i halsen ;) men alle kom heile opp på toppen av Storevarden. No er det berre nedover igjen! Fint for nokon, verre for andre... Var ikkje veldig høg i hatten der eg rulla nedover.. men ned kom vi alle til slutt!

Laurdag! Ska vi gå på Haugsvarden? :) Ja! Det skal vi! Mamma, Kristin og eg!!

 
Det va t-skjorteveir! Herlig. Ski og i t-skjorte for første gang i år! I Like!

Vi koste oss oppover dei slake bakkane mot Haugsvarden 862moh.

Nistepause på toppen :)

Mamma i full fres nedover! Tøffa!

Takk for ein nydeleg tur! :)

Laurdag ettermiddag: Måtte ha meg ein inspeksjonstur til Røsskleivdalen før neste helg då eg skal ha med meg ein gjeng jenter opp hit og sove i Gapahuk.

Godkjent! Detta vert kjekt!

Satsar på at isen på vatnett forsvinn i løpet av veka!

Røsskleivdalen på sitt finaste!

Litt historie :)

Søndag: Kathrin og eg skal på Snønipa! ENDELEG!!!

Etter litt kluss med vegvalet i starten, måtte vi berre over ei lita elv og opp ein litt bratt skogbakke for å kome til riktig traktorveg! Greit å få opp pulsten med det same! :D

No er vi på riktig veg, Kathrin med Sandalsfossen i bakgrunnen!

Vel oppe på Fossheimstøylen, ca 750moh, er første bratta undagjort! No har vi fjellviddene føre oss! :D og mang spor å følgje! Bra!

Veiret er skiftande, det blese litt her oppe.. jaja.. vi e på veg opp mot Myklebustbreen, mellom Geitenykjen og Steinheia.

Her er vi oppe på første flata og skal starte på brefallet.

Myklebustbreen.

Vi går og går sakte men sikkert oppover, no er vi snart oppe på brekulen som ligg på ca 1736moh. Vi starta på ca 300moh ved Sandalsvatnet.


Då vi kom over brekulen kom skyene! Her ser du Snønipa bak i der.... Vi fortsatte og kryssa fingrane for at ikkje dei mørke skyene skulle kome mot oss.

Det gjor dei sjølvsagt. Vi hadde berre siste oppstiginga igjen, men når det byrja og snø og vi plutseleg ikkje såg verken Snønipa eller noka anna utsikt fann vi ut at vi måtte snu. Kjipt, men det er jo ikkje vits i å stå på toppen av Snønipa og ikkje sjå anna enn grått...

Tilbake på toppen av breen letna skyene og vi kunne igjen sjå Snønipa. Æsj! Jaja! det kunne vi ikkje vete! No var det berre å kome seg nedatt. Vi gjekk i 5t oppover.. og håpa å bruke litt mindre tid nedatt..


Medvind, skare, veldig veldig glatte ski og nedoverbakke! + ikkje så stødig skirennarar = komedie!




Vi hadde ein veldig morsom tur nedatt - litt slitsomt til tider, med knall og fall og ustø ploging der vi kanskje burde rent elegant nedover... hehe..

Men vi kom oss ned til slutt! Turen tok 7,5t og vi var godt fornøgde sjølv om toppen ikkje blei bestige denna gangen! Neste gang!! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar