søndag 31. januar 2010

Skitur i Aboretet



Etter ein litt for fuktig SUB årsfest laurdag, og ein tidleg morgon som starta med ei ambisiøs påmelding til Bergen - Voss i 5.juni, var det eigentleg sofaen som frista mest. Men heldigvis fekk eg eit tilbud som ikkje kunne takkast nei til! Dermed bar turen til Hjellestad, Milde og Aboretet!

Masse nysnø, fine ski og ei kjempe kjekk turvenninde gjorde dagen uendeleg mange gangar bedre enn den starta! Etter ei runde i den botaniske hagen, ei utforkøyring i hoppbakken - vel å merke utan at nokon av oss turte å hoppe :S enda vi opp nede ved sjøen der Lene diska opp med kaffi, sjokoladebollar og kvikk lunsj på svaberget!

Takk til Lene for ein fantastisk søndagstur! ;)

mandag 25. januar 2010

Skitur over Vidden


Fri! Sol! Snø! Ein god dag for å gå jomfru-turen på dei nye Cecilie Skog skia! :) Harriett, som har trena seg på ski i heile vinter, blei heldigvis med! :) Eg synes Fløyen til Ulriken virka som ein god plan! Vi likar jo absolutt oppoverbakkar! (iallefall på barmark!)

Etter eit knallhardt rompe-fall på eit islagt fortau i byn og eit fall på knea ned ei bratt trapp (som tydlegvis blir brukt som akebakke) allereie før skia va på beina, begynte tolmodet å svinne.. Og når det va gått ein time og vi ikkje va komen lenger enn til Skansen, beit vi i det sure eplet og tok banen det siste stykket til Fløyen!






Oppover oppover oppover med Rundemanen som første store mål! :) det va myykje oppover! men med godt mot, litt bakglatte ski men med litt sang og eit uklanderleg humør... kom vi endeleg til toppen! Så var det berre å sette utfor dei første skumle nedoverbakkane! Utruleg nok kom vi oss heilskinna ned :)


Her på veg opp på Vidden! Ser Harriett og meg med eit ekte påtatt godt humør smil! ;)


Endeleg oppe på Vidden!
Varmen og lyset frå sola va jammen god å få tilbake!

 
Som premie for hardt arbeid, laga Harriett kakao til oss! Fiin PikNik i sola!


Litt skismøring før neste etappe; Over Vidden! Lett!!


Så kom tåka over Ulriken! Oj! Men både eg og Harriett var velutstyrt med 1.hjelps skrin, H hadde pytt i panne og primus, E hadde ein ekstra dunjakke og ei hue! Så detta skulle gå fint! :)






Eg trur det va bra at det va skispor heile vegen! Sjølv om Harriett sjølvsagt heile tida visste kor vi va og kor vi skulle ;)















Nedoverturen frå Ulriken blei desverre ikkje dokumentert! Men mange, mange! uforgløymelege bilder har klistra seg til hjernen! Det må opplevast! :)

Takk for turen Harrisprett!! og takk til Cecilie Skog skia mine! ♥

søndag 24. januar 2010

Joggetur til Løvstakken



Etter å ha vert Offshore i 12 dagar utan andre "fjell" i sikte enn eit knippe ganske fascinerande oljeplatformar, var det utruleg herlig å kome tilbake til byen mellom dei 7 fjell!

Nydeleg utsikt til et snødekka Bergen Vest!



Turen opp var kjempe flott- stien var hardpakka snø som va god å springe på! Litt glatt nokon plassar, men absolutt overkommeleg! ;)
Ein tur til Løvstakken anbefalast!!!


Veldig gode sko! :D
Dato: Søndag 24.01.10
Rute: Møhlenpris - Grusvegen - "Jesus Lever" steinen - Benkane - Løvstakken
Tid til toppen: 40:41


søndag 10. januar 2010

Aketur til Ulriken

Årets første tur til Ulriken! :)
Med noko varmt, litt nøtter og to rompeakebrett, i sekken spaserte to glade jenter oppover mot Ulrikens vakre topp!

Ein liten pause for å nyte endene på islagte store lungårdsvatn!

Vakkre Vakkre Bergen!
Det var litt kaldt med -8 og lett bris, men so kom sola og oppoverbakkane - då kom varmen heldigvis i same slengen.


Hurra! No gledar vi oss virkeleg til ein rompeakebrett tur nedatt! Må berre komme oss heilt til toppen, få i oss litt energy! Så skal vi sette utfor!




Marina i kjapt tempo mot toppen!!

Det va ikkje heilt lett å finne den riktige og beste køyreruta nedatt, men etter litt kaving, rulling i snøfonner - eit par knall og fall her og der, såg vi ski-løypa! Dit kom vi oss! og DÅ gjekk det som to kanonkuler nedover!

Detta frista til gjentakelse!

fredag 1. januar 2010

Nyttårsfeiring på Utsikten

GODT NYTTÅR 2010

Tante Olaug køyrte oss opp på Utsikten, der vi hadde kongeutsikt over Sandane folkjet si nyttårs-feiring! -- årets første fjelltur!


Nina og meg kosar oss inn i det nye året saman men mor, far, tante Olaug og onkel Arne!!


Hurra!!! ;-)