søndag 31. januar 2010

Skitur i Aboretet



Etter ein litt for fuktig SUB årsfest laurdag, og ein tidleg morgon som starta med ei ambisiøs påmelding til Bergen - Voss i 5.juni, var det eigentleg sofaen som frista mest. Men heldigvis fekk eg eit tilbud som ikkje kunne takkast nei til! Dermed bar turen til Hjellestad, Milde og Aboretet!

Masse nysnø, fine ski og ei kjempe kjekk turvenninde gjorde dagen uendeleg mange gangar bedre enn den starta! Etter ei runde i den botaniske hagen, ei utforkøyring i hoppbakken - vel å merke utan at nokon av oss turte å hoppe :S enda vi opp nede ved sjøen der Lene diska opp med kaffi, sjokoladebollar og kvikk lunsj på svaberget!

Takk til Lene for ein fantastisk søndagstur! ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar