søndag 10. januar 2010

Aketur til Ulriken

Årets første tur til Ulriken! :)
Med noko varmt, litt nøtter og to rompeakebrett, i sekken spaserte to glade jenter oppover mot Ulrikens vakre topp!

Ein liten pause for å nyte endene på islagte store lungårdsvatn!

Vakkre Vakkre Bergen!
Det var litt kaldt med -8 og lett bris, men so kom sola og oppoverbakkane - då kom varmen heldigvis i same slengen.


Hurra! No gledar vi oss virkeleg til ein rompeakebrett tur nedatt! Må berre komme oss heilt til toppen, få i oss litt energy! Så skal vi sette utfor!




Marina i kjapt tempo mot toppen!!

Det va ikkje heilt lett å finne den riktige og beste køyreruta nedatt, men etter litt kaving, rulling i snøfonner - eit par knall og fall her og der, såg vi ski-løypa! Dit kom vi oss! og DÅ gjekk det som to kanonkuler nedover!

Detta frista til gjentakelse!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar