mandag 25. januar 2010

Skitur over Vidden


Fri! Sol! Snø! Ein god dag for å gå jomfru-turen på dei nye Cecilie Skog skia! :) Harriett, som har trena seg på ski i heile vinter, blei heldigvis med! :) Eg synes Fløyen til Ulriken virka som ein god plan! Vi likar jo absolutt oppoverbakkar! (iallefall på barmark!)

Etter eit knallhardt rompe-fall på eit islagt fortau i byn og eit fall på knea ned ei bratt trapp (som tydlegvis blir brukt som akebakke) allereie før skia va på beina, begynte tolmodet å svinne.. Og når det va gått ein time og vi ikkje va komen lenger enn til Skansen, beit vi i det sure eplet og tok banen det siste stykket til Fløyen!






Oppover oppover oppover med Rundemanen som første store mål! :) det va myykje oppover! men med godt mot, litt bakglatte ski men med litt sang og eit uklanderleg humør... kom vi endeleg til toppen! Så var det berre å sette utfor dei første skumle nedoverbakkane! Utruleg nok kom vi oss heilskinna ned :)


Her på veg opp på Vidden! Ser Harriett og meg med eit ekte påtatt godt humør smil! ;)


Endeleg oppe på Vidden!
Varmen og lyset frå sola va jammen god å få tilbake!

 
Som premie for hardt arbeid, laga Harriett kakao til oss! Fiin PikNik i sola!


Litt skismøring før neste etappe; Over Vidden! Lett!!


Så kom tåka over Ulriken! Oj! Men både eg og Harriett var velutstyrt med 1.hjelps skrin, H hadde pytt i panne og primus, E hadde ein ekstra dunjakke og ei hue! Så detta skulle gå fint! :)






Eg trur det va bra at det va skispor heile vegen! Sjølv om Harriett sjølvsagt heile tida visste kor vi va og kor vi skulle ;)















Nedoverturen frå Ulriken blei desverre ikkje dokumentert! Men mange, mange! uforgløymelege bilder har klistra seg til hjernen! Det må opplevast! :)

Takk for turen Harrisprett!! og takk til Cecilie Skog skia mine! ♥

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar