lørdag 24. april 2010

Sykkeltur "rundt" Gullfjellet


Yr, Storm, Pent, nrk og alle veirvarsel meldte sol og fint utover dagen... Jess! då stikke vi rundt Gullfjellet! :D


Med godt mot sykla vi i duskregnet frå Nesttun.. "det blir nok snart sol".. vi kom til Arna og til Garnes, det høljeregna! Ganske våte og kalde men vi fortsatte, det va jo meldt sol ?? hehe... Etter å ha blitt gjennom søkk våt snudde Ståle. Men vi 4 andre fortsatte med "godt" mot... og var overlykkelege då vi endeleg kom til Trengereid og fekk sykle oppoverbakke! Vi skulle jo opp til Gullbotn uansett veir, smart!

 Absolutt fine forhold for sykling.. vi snudde sjølvsagt her og hutra oss nedatt til kiosken på Trengereid der vi prøvde å varme oss på ein liten kopp kakao - ikkje spesielt vellykka, eg vurderte sterkt å vente på ein buss eller ringe ein venn! Men akk, ingen bønn vi måtte berre sykle heimover! Sinnsjukt kalde og utruli skuffa over metrologane og kanskje litt småirritert på oss sjølve som absolutt ikkje skulle gje oss før vi va på toppen.. hehe... sykla vi hutrande heimover! Ikkje nåke spesielt kjekk opplevelse, hadde vel helst mest lyst å berre hive heile sykkelen ei stond!!


Men det gjekk bra, 2 av oss blei henta eit stykke etter Arna, av ei snill kone som køyrte heilt til døra! TAKK!! dei to andre tøffingane, Erlend og Arne sykla heile vegen heim! Erlend, galningen sykla til og med ei lita ekstra runde berre for å få nok km ??? ;)
Trur vi har lært. Aldri sykle i 3grader og høljeregn og iallefall ikkje opp på fjellet!
:) Betre lykke neste gang!

takk til fotografen Erlend B. som dokumenterte den fine turen :)








søndag 18. april 2010

Sykkeltur til Hausdalen

Marita og Elisabeth på sykkeltur i Hausdalen :)
Etter at den planlagte sykkelturen med Siemens-gruppa blei avlyst pga is på vegane, bestemte vi oss likevel for å prøve, det va jo sol og flott ute..! Men då vi møttes på Siemens starta snøstormen! 1,5t kaffipause i resepsjonen mens vi venta på betre forhold, var det som skulle til, og så va vi endeleg på hjul! Hurra! Sola titta fram og turen vart fantastisk fin! Litt navigasjonsproblemer pga 1stk påståeleg Elisabeth og 1stk GPS navigatør som kanskje ikkje er heilt utlært innen GPS teori! Men, vi kom på riktig veg til slutt ;) Inn og ut av Hausdalen gjekk ræcerfort, og litt småkalde på beina og brune av (ku-)skit og jord i tryna følte vi oss som nåken skikklige tøffingar når vi sykla gjennom både haggelbyge og strålande sol resten av vegen heim over Valla! ;)

tirsdag 13. april 2010

Årets første Stoltzen tur



Etter å ha vert hos Fysioterapeuten og fått dommen; tretthetsbrudd, burde man vel kanskje lytte til eksperten, men eg har jo lovd å gå på Stoltzen med Alice! og det er jo so fint veir! "viss vi går roleg, så går det nok bra"


Det gjekk ikkje så bra med foten, men turen va veldi fin - og turkameraten la tempoet perfekt til min invalide fot! Takk Alice ;)


Turen gjekk opp Stoltzen i kø med halve Bergens befolkning, veldi kosli :) imponerande mange sprekingar for tida!! :D
Og så nedatt Skredderdalen, som vi fekk litt meir for oss sjølve!

Takk for ein strålande tur Alice! =)

Lunsj på Løvstakken



Veiret er nydeleg, ingenting hastar på jobb, foten min er jo plutseleg blitt heilt fin att! Ja, eg tar ein kort dag og går ein tur på Løvstakken og ete lunsjen min der! Før eg skal til Fysioterapeuten og få dommen... flaks at foten er blitt bragjen da! "kanskje eg skal jogge litt og sjå om den blir verre..." ??

 
Åhh.. sjå kor flott! utan eit snøfnugg igjen på bakken! Endeleg! :) Det fristar sjølvsagt litt å jogge, men eg held meg i skinnet og går roleg oppover!

Sjå Bergen snøfri vår frisk!!
Lykke!!

Nyter lunsjen min med herleg utsikt i solsteiken!! :)

mandag 12. april 2010

Solskinstur til Ulriken


Ulriken etter jobb!
Harriett stiller opp - med klatreskoa ambisiøst dinglande på sekken ;)

Det blei desverre ingen klatring pga kald vind og svette kroppar på toppen, men turen opp var upåklageleg, med sola i ryggen og det beste selskap blei fotografoppgåva forsømd og aldri heilt på topp denna dagen! men, eg presenterar no det slik det blei!

To søte jenter i skogen!

Ein bekk, der mesteparten av photoshooten tok stad!

 
Harriett hoppar over bekken etter vatn...

Klatring i tre er undervurdert! Ei god erstatning for den fjellklatringa det ikkje blei noko av!

It's a fine day to hug a tree :) :)

søndag 11. april 2010

Sykkeltur til Hausdalen over Fanafjellet

ENDELEG sykkeltur igjen! :) og denna gangen med Siemens-gjengen! Møtte på Siemens kl 0930, klar for dyst! Litt lufttrykk-sjekking og pumping av dekk før vi kunne begje oss avgårde, måtte til!
Men i 1000-tida va alle mann og kvinner klare og vi speeda avgårde mot Lagunen der siste del av gjengen venta! :)
Spennande å sykle i gjeng - greit å lære seg sykkeltriks som peiking, vifting, stopp og rop! hehe... ikkje heilt lett for ein nybegyndar å både skulle vifte med ein arm og svinge unna hindringar med andre handa på styret - men reknar med at øving gjer meister her og! hehe...

Vi klarte å overtale alle til å sykle over Fanafjellet, noko som visst nok skulle vere ei voldsom utfordring! Eg er jo litt sær og syns oppoverbakkane er det kjekkaste, så blei nesten litt skuffa over kor kort det va! Men GØYGØYGØY! Alle kom opp og alle kunne fornøgd speede vidare ned på andre sida - noko som ikkje va so gøy! hehe.. men alle kom heilskinna ned sjølv om det blei litt småknuffing med ein litt misfornøgd bilist!!
Sykla forbi Lyseklosteret.. veldig vakkert! og så er eg litt usikker på kor vegen gjekk, men fint var det og veldi kjekt! Nokon av oss sykla vidare inn i Hausdalen og øvde på rulle - noko eg fort skjønte at eg trengte øving i.. :) Og på veg heim blei det berre Erlend B, Jørgen og meg som valgte tøffe-ruta over Bontveit tilbake! Endå ein bakke! hurra!! Kjende vel litt av Viddenturen i beina på veg opp, men koste meg og danna baktroppa til toppen!
Sykla over Valla tilbake til Nesttun og heim!
4timar
8mil!
Godt fornøgd!

:)

lørdag 10. april 2010

Vårens første tur over Vidden :)


På grunn av den litt tullete belastningsskaden eg pådro meg i Påska var laurdagen planlagt svært så roleg, heilt til det poppa inn eit altfor godt forslag på fjesbokchatten laurdag morgon! Vidden? :D Det går jo ikkje an å seie nei til det! No får det vere nok av den tulleskaden.. viss det ikkje går over, så får vi ignorere den! ;)

Så etter ein kosleg og svært så mettande frukost på Vågen med spreke Kristine, som faktisk allereie hadde vert på Fløyen, kom Lene og tok meg med vidare!
Opp Skredderdalen og vidare til Rundemanen


Her nyter vi ein nydeleg utsikt til islagt vatn med Ulriken i bakgrunnen! :)
På Rundemanen måtte vi ha ein liten lunsj- og sting-pause! Den blingsen frå Vågen Fetevarer er virkeleg skikkleg bondekost som sit godt i magen! hehe..


Vidare gjekk turen ned frå Rundemanen og vidare opp og ned og bort mot sjølve Vidden!! :D Då vi kom opp til første varde var det på tide med eit velfortent KvikkLunsj stopp! :)


Litt blautt og snøflekkete var det, men turen va virkeleg heilt fantastisk flott! Litt snø må man vel rekne med tidleg i april etter årets vinter! Her er vi på veg ned i Borgaskaret - og snart er vi på Ulrikenfjellet! Tok turen innom Turnerhytten for ein liten tissepause før vi gjekk Indianerstien nedatt! :) Eg var utruleg nok fortsatt mett etter VågenBlingsen, fot-smertene var heilt vekke, HURRA!! og kunne svært fornøgd etter ein nydeleg dag gå heim og lade batteri!

Tusen takk for turen Lene :)

mandag 5. april 2010

Sykkeltur til Hjellestad

Tilbake i Bergen by etter ei fantastisk Påske heime på Sandane! Fint veir og ein stk flunkande ny ræcersykkel som berre venta på å bli tatt med ut på utforsking av Bergen og omegn! Klarte ikkje vente når sola strålte frå skyfri himmel kl 0900 og satte avgårde mot det uvisse!

Plutseleg var eg på Nesttun, og vips der va Lagunen! Det va så utruli arti med ræcing at eg berre suste vidare - og så sto eg der, i Birkelandskrysset - nesten på Flesland og nesten på Hjellestad!
Tok sjangsen på at Lene va stått opp og inviterte meg sjølv på frukost! Desverre ingen respons, så då sykla eg heimover! Men på Lagunen ringde telefonen og eg va ikkje vanskeleg å overtale til å snu, når heimebaka rundstykker, lefse, kaffi og svært bra selskap venta på Hjellestad :)

Ein herleg avslutning på påska, med fantastisk selskap, nydeleg mat og ein flott sykkeltur!! :)


søndag 4. april 2010

Påska 2010

Påskeferie

Etter ein lang søvnig busstur, va eg endeleg heime på vakre sandane att! Og etter at tåka letta, fekk eg og ho mor oss ein flott tur på Veten! Stien va vel i mestelaget snøvdekt, men spreke som vi er gav vi ikkje opp!!

Søndagen kom, og ei litt overambisiøs jente blei litt for frista til ein lang joggetur rundt Ryssdalen pluss litt til! Etter ca 21km på 2t vart eg endeleg fornøgd og kunne med god samvittighet nyte ein super ost og vinkveld med søsken og søskenbarn ;) Der Marie blant anna demonstrerte sin unike eigenskap å kunne slikke seg på albogen! skulle gjerne lagt ut bildebevis, men eg fekk ikkje lov! ;)



Etter å ha overvurdert kropp vs form på søndag, blei eg sjølvsagt straffa med ein liten overbelastningsskade i foten! jaja! kva er vel då betre enn å kose seg med ei god bok og vente på å bli frisk?! Medan mamma mekkar god mat på det nye fantastiske kjøkenet som berre ho klarer å bruke ;)

Etter 4 dagar sittande i godstolen klarte Ida å overtale meg til ein tur på Veslevatnet! :) Heldigvis! for veiret va fantastisk og naturopplevelsen skuffa ikkje. Svaner på jordet, friskt fjellvatn på tunga og islagt vatn i solskinet...

 
Herleg å endeleg kunne slurpe i seg friskt fjellvatn att! :) :)

Ei fantastisk påske!
Mykje kosetid med familien ;) Geni-spel, raudvin, popcorn, god mat og påske quiz :) ingen skitur, men heller ingen sure miner! Litt fjell, litt sykkel, litt jogging og masse godstol og god bok og god familie! :)