ENDELEG sykkeltur igjen! :) og denna gangen med Siemens-gjengen! Møtte på Siemens kl 0930, klar for dyst! Litt lufttrykk-sjekking og pumping av dekk før vi kunne begje oss avgårde, måtte til!
Men i 1000-tida va alle mann og kvinner klare og vi speeda avgårde mot Lagunen der siste del av gjengen venta! :)
Spennande å sykle i gjeng - greit å lære seg sykkeltriks som peiking, vifting, stopp og rop! hehe... ikkje heilt lett for ein nybegyndar å både skulle vifte med ein arm og svinge unna hindringar med andre handa på styret - men reknar med at øving gjer meister her og! hehe...
Vi klarte å overtale alle til å sykle over Fanafjellet, noko som visst nok skulle vere ei voldsom utfordring! Eg er jo litt sær og syns oppoverbakkane er det kjekkaste, så blei nesten litt skuffa over kor kort det va! Men GØYGØYGØY! Alle kom opp og alle kunne fornøgd speede vidare ned på andre sida - noko som ikkje va so gøy! hehe.. men alle kom heilskinna ned sjølv om det blei litt småknuffing med ein litt misfornøgd bilist!!
Sykla forbi Lyseklosteret.. veldig vakkert! og så er eg litt usikker på kor vegen gjekk, men fint var det og veldi kjekt! Nokon av oss sykla vidare inn i Hausdalen og øvde på rulle - noko eg fort skjønte at eg trengte øving i.. :) Og på veg heim blei det berre Erlend B, Jørgen og meg som valgte tøffe-ruta over Bontveit tilbake! Endå ein bakke! hurra!! Kjende vel litt av Viddenturen i beina på veg opp, men koste meg og danna baktroppa til toppen!
Sykla over Valla tilbake til Nesttun og heim!
4timar
8mil!
Godt fornøgd!
:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar