På grunn av den litt tullete belastningsskaden eg pådro meg i Påska var laurdagen planlagt svært så roleg, heilt til det poppa inn eit altfor godt forslag på fjesbokchatten laurdag morgon! Vidden? :D Det går jo ikkje an å seie nei til det! No får det vere nok av den tulleskaden.. viss det ikkje går over, så får vi ignorere den! ;)
Så etter ein kosleg og svært så mettande frukost på Vågen med spreke Kristine, som faktisk allereie hadde vert på Fløyen, kom Lene og tok meg med vidare!
Opp Skredderdalen og vidare til Rundemanen
Her nyter vi ein nydeleg utsikt til islagt vatn med Ulriken i bakgrunnen! :)
På Rundemanen måtte vi ha ein liten lunsj- og sting-pause! Den blingsen frå Vågen Fetevarer er virkeleg skikkleg bondekost som sit godt i magen! hehe..
Vidare gjekk turen ned frå Rundemanen og vidare opp og ned og bort mot sjølve Vidden!! :D Då vi kom opp til første varde var det på tide med eit velfortent KvikkLunsj stopp! :)
Litt blautt og snøflekkete var det, men turen va virkeleg heilt fantastisk flott! Litt snø må man vel rekne med tidleg i april etter årets vinter! Her er vi på veg ned i Borgaskaret - og snart er vi på Ulrikenfjellet! Tok turen innom Turnerhytten for ein liten tissepause før vi gjekk Indianerstien nedatt! :) Eg var utruleg nok fortsatt mett etter VågenBlingsen, fot-smertene var heilt vekke, HURRA!! og kunne svært fornøgd etter ein nydeleg dag gå heim og lade batteri!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar