Tilbake i Bergen by etter ei fantastisk Påske heime på Sandane! Fint veir og ein stk flunkande ny ræcersykkel som berre venta på å bli tatt med ut på utforsking av Bergen og omegn! Klarte ikkje vente når sola strålte frå skyfri himmel kl 0900 og satte avgårde mot det uvisse!
Plutseleg var eg på Nesttun, og vips der va Lagunen! Det va så utruli arti med ræcing at eg berre suste vidare - og så sto eg der, i Birkelandskrysset - nesten på Flesland og nesten på Hjellestad!
Tok sjangsen på at Lene va stått opp og inviterte meg sjølv på frukost! Desverre ingen respons, så då sykla eg heimover! Men på Lagunen ringde telefonen og eg va ikkje vanskeleg å overtale til å snu, når heimebaka rundstykker, lefse, kaffi og svært bra selskap venta på Hjellestad :)
Ein herleg avslutning på påska, med fantastisk selskap, nydeleg mat og ein flott sykkeltur!! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar