søndag 27. juni 2010

Geiranger - frå Skageflå til Homlong

Søndag 27.juni
Dag to i nydelege Geiranger! Jentene er klare for tur igjen, og eg har klart å lure dei med meg på ein av dei finaste turane som eigentleg er obligatorisk dersom du tek turen til Geiranger. Vi skal ta taxibåt ut til Skageflå stien, gå opp den bratte fjellveggen til setra Skageflå som ligg ca 250m over havet (rett opp).
Litt historie om fjellgarden finn du her.


Solkrem og solbriller må til.. (HMS)



Eit par bilete utanfor huset vårt... må jo ta det berømte "blomster foran foss"- bildet ;)

Hannah er superklar for båttur og tur nr 2 til Skageflå!

Tine fekk sitt framme i båten og er svært fornøgd ;)

Det er sjølvsagt vi andre og... :) wihii..

"Skriften på veggen" og ein kajakkpadlar (misunnli...)


Her kjem dei spreke jentene.. det går ganske så rett opp her... men snart kjem vi ut av skogen og får skikkeleg utsikt!!

:D




:) Hannah SMILY!!

 
Litt blomsterbilder, "Forglem meg ei" og "Veronika" fiine blomar!

Litt slitne, men vi er over halvvegs, Kristin har funne eit strå, Tine er litt skeptisk!

Vi skal berre opp her.. herfrå er vegen hogd ut, før i gamlegamle daga brukte dei stige (sjå nermare so ser du den..) siste stykket opp (rett opp) skjønnar ikkje heilt korleis dei klarte det, men dei va jo spreke og tøffe før i gamle dage! Vi gjekk heldigvis den "ny"-uthogde vegen rundt!


 
Endeleg kan vi puste letta ut etter ei luftig ferd opp til garden... matpause, tissepause (anten i bushen, eller på utedoen vi oppdaga rett etterpå...)

Snille Tine låste Hannah inne på do.. ajajaj!

vi måtte sleppe ho ut til slutt.. og ho er sjølvsagt like glad :)

Klassisk postkortbilde frå Skageflå! De syv søstre og hurtigruta i bakgrunnen!

Her prøvar eg å få med den tøffe toppen i bakgrunnen, som sjølvsagt ein dag skal bestigast! Lure på kva den heite...

Ein foss.. her kunne vi ha dusja under, men sia vi alltid tenker sikkerheit først, lot vi vere.. det kan jo komme stein ned.. ;)


Her var det litt skummelt. Akkurat litt meir rett ned enn det ser ut som.. og rekkverk på innsida! akkurat sånn det skal vere :)

 

Etter ein heilt fantastisk helg i Geiranger city måtte vi desverre skiljast att mandag morgon.. Hannah og Kristin tilbake til Oslo, Tine til sydens varme strøk og Elisabeth opp på breen i Bødalen ;)

Takk for turen jenter!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar