Etter to veke på fitness camp offshore hadde eg sjølvsagt klart å overtrene megsjølv ..igjen!! siste 4 dagane va det heis, og rett i seng etter jobb for å kvile dei stakkars beina! Nokre dagar på betenneselsdempane piller og gele, omega3 og gurkemeie kur og ja, stort sett det eg fann som skulle hjelpe mot sånn idiot-skade... så va eg vel så klar som eg kunne bli for den store prøven! hehe..
Opp kl 0500, ete masse mat, drikke masse vatn, smøre inn kne med betenneselsdempande gel og solkrem. Ete litt til, drikke litt til, sykle til Siemens. Kan vel sei eg va ein smule nervøs... På Siemens va det litt startoppmuntringar og hjelp med startbrikker før vi første satte kursen for Arenum og start! 07:56 gjekk startskuddet for første Siemensgruppe.
Turen til Trengereid gjekk veldig fint. Ikkje for fort, men fort nok til å ikkje bli tatt att av Siemensgruppa som starta nokre minutt seinare. Så då blei det ein liten ventepause, og tissepause for dei som va så heldige å kunne stå i ei grøft, til dei andre kom.
Så va det ein utfordrande tur ned Gullfjellet og vidare mot Samnanger og Kvamskogen. Det va utruleg tøfft når vi fekk til skikkeleg rullering og farten blei ganske høg somme stader. Neste stopp va Kvamskogen, der blei det saft og banan og tissepause for dei som ikkje føler for å sette seg i grøfta.
Neste stopp va Kvanndal - der va lår og kne virkeleg begynt å merke fart og heftige oppoverbakkar! Litt cola og sjokolade og så va det på syklen igjen. Rett etter Kvanndal (etter to oppoverbakke spurtar på rad) slapp eg resten av gruppa og sykla vidare for meg sjølv! Etter å ha sykla nokre km bak ein mann med ein sykkelshorts som va litt for slitt der den ikkje burde vert det.... kom det ei gruppe med perfekt fart som eg klarte å henge meg på!
Sykla med dei til Skjervet.. der va det berre å gje på i siste oppoverbakke! På toppen va eg heldig å kunne sitte på hjulet til ein snill gutt som drog meg heilt til nedoverbakkane mot Voss starta!
Og vips va eg i mål, på tida 05:54! nr 14 i mi klasse, 91 av alle kvinner og 2004 av alle deltakarar.. hehe.. Godt nøgd!!
Eg legger ut nokre bilder som Cecilie Hege Indrearne har tatt! Tøffa sykla på 9 timar og tok seg, fornuftig som ho er, tid til å dokumentere den nydelege dagen!
Startområde då Cecilie starta kl 0500
Rett over Gullbotn
Matstasjon på Kvamskogen
Nedkøyring frå Kvamskogen
Etter Nordheimsund - Hardanger
Cecilies vidunder ;)
Langs Hardangerfjorden!
Her va vi visst ferjekaia i Kvanndal - det har iallefall ikkje eg fått med meg! haha! såg berre cola og sjokolade der eg!!
Skjervet next :D hurrey!
Midt i Skjervet!
Voss i det fjerne!!
MÅÅL :D :D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar