torsdag 10. juni 2010

Tur på "Vidden"

Yr melder strålande sol, så Kristine og Elisabeth bestemmer seg for å gå over vidden etter jobb =)
Eg har hatt min første arbeidsdag sia offshore og var litt ute av ete-rytmen.. heilt på felgen etter å ha gløymt å ete heile dagen, satte eg meg på ein mur utanfor Haukeland. Medan eg venta på Kristine åt eg opp all den ekstra maten eg hadde handla med meg og heile nista mi! *smart* men formen kom seg og klare som to egg tusla vi oss oppover.

Det va ikkje akkurat strålande sol, og då vi nerma oss Borgaskaret begynte det å regne. Då blei valget lett! Utan mat og skikkelege klede va det kanskje ikkje så lurt å starte på Vidden.

 
Vi gjekk ned Borgaskaret og hadde rastepause øverst i Hardbakkedalen på den fine benken med den vakre utsikten :) Heldigvis hadde Kristine med kanelgifflar (NAM!!) ilag med litt sjokolade og eit eple gjorde det susen! Vi fortsatte opp på Tarlebø og ned til Svartediket via Tarlebødemningen! :)

På veg tilbake til syklane viste Kristine meg den fine hagen utanfor Haraldsplass sjukehuset! :) Fascinerande tre-allé ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar