Vi ville gå på eit fjell... og hadde bestemt oss for Blåfjellet :) Ein lokal fyr vi møtte på hytta, sa at turen nok ville ta 4 timar, og det hørtes jo perfekt ut. Vi pakka sekken, 2 epler, litt nøtter og 2 flaske vatn... off we go!
Harriett hadde ein leksjon om Bjørnemose! Bjørnemose og litt furumose? Eg kan ikkje skryte av at eg hugsar alt, men detta va iallefall bjørnemose! jepp!
Her ser vi dei tre vatna; (frå venstre, Kupevatnet, Vassendevatnet og Inste Langevatnet) Hytta ligger mellom dei to nermaste vatna. Veldig flott!!
Då vi etter litt om og men hadde funne vegen opp møtte dette landskapet oss, utruleg fascinerande! Berg og stein og vatn, snø og is :)
Ein liten pust i bakken...
Litt opp-ned-tid må til!
Veiret va nydeleg, landskapet og utsikten var ubeskriveleg... Nyt bileta! Her leikar vi oss litt!!
Endeleg på toppen! Etter å ha brukt 3,5t.. hehe.. vi konkluderte vel ganske kjapt med at 4timar var litt optimistisk for denne turen. Iallefall om ein skal ha tid til pittelitt kos og glede!
Blåfjellet ligg på 1390moh. ca 5,5km og ca 600hm frå Langevasshytta. Turen var bratt i starten og etter å ha kome opp på platået var det ganske flatt innover, litt opp og ned, fram og tilbake over snø og rundt små vatn og det var stein, masse masse stein ;)
Tur over ein snøbre!
På veg nedatt møtte vi på ein flokk med Ryper! :D
Etter å ha gått i 6 timar, med kanskje litt lite mat og drikke i sekken var det utruuleg godt å endeleg sjå hytta der nede igjen! Vi brukte totalt ca 6,5 t på turen som vi hadde tenkt å bruke 4t på.. hmm. klassisk? Neste gang tek vi med oss meir mat!
Då vi kom tilbake til hytta diska vi opp med gryterett og heiv innpå! Så fekk vi oss ein tur i klatreveggen nedanfor hytta, kan konkludere med at å klatre med fjellsko var ei utfordring! ;)
Kvar si øl og så var det tidleg kveld, for i morgon skal vi gå tilbake til Sandane! Vi har fått opplyst at turen skal ta 6 timar, så då må vi starte kl 7 for at Harriett skal nå bussen...