fredag 6. august 2010

Tur til Langevasshytta



Harriett og Elisabeth på tur til Langevasshytta i Jølster. Plukka opp Harriett på Skei og køyrte opp i Årdalen til Legestøylen. Der starta dagens marsj, vi skulle gå ca 6km og 300 høgde meter.

Eg tok meg av mat-shopping og hadde sekken full av hermetikk, øl, agurk, tomat, kjøttdeig osv... noko vi skulle fordele før avmarsj. Men ettersom Harriett pakka i ein 45l tursekk som var stapp full både oppi og utanpå, og eg hadde 75l, skjøna eg fort at det blei meg som måtte bere all maten eg hadde pakke med!

Ca 20-25m i sekken og første etappe; ca 300 høgdemeter på dei første 2 km. Det gjekk ganske sakte... hehe..

Harriett, som hadde litt dårleg samvittighet for den tonge sekken min fekk skubba meg opp eit par av dei brattaste bakkane, og ENDELEG var vi oppe...


No var det berre forbi det vatnet, litt oppover der og innover dit og forbi eit vatn til og så skulle hytta vere der. :)


Vel framme i hytta blei det ein god og svært fortent gryterett med øl attåt. Før vi tok turen til vatnet for å fiske. Sia det berre va Harriett som hadde med seg fiskestang fekk eg æra av å halde whiskey-glaset... harriett si improviserte løysing; eit stykk tomatpuree glas med plastfolie og ein stram strikk som lokk! :D Vi må jo spare vekt så kan ikkje ta med heile whiskeyflaska heller...

Så å blei det whiskey kos på meg og myggen medan harriett leita etter fisk! Ettersom myggen va sinnsjukt hissig, ga vi opp etter ei lita stond og hygga oss i hytta siste timane før sengetid!

:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar