søndag 8. august 2010

Turen frå Longevasshytta og heim



Jentene spratt opp av senga kl 0600, laga frukost og niste, pakka sekkane og vaska seg ut av hytta til kl 0715 då vi satte kursen heimover mot Sandane :)
Det regna litt og var overskya, men med 15-20kg på ryggen gjekk det heilt greit med shorts i dag og :)

Det var ikkje alltid like lett å følge/finne stien, men Harriett er ein kløppar på kart og kompass, så vi skal nok finne vegen likevel!

Her er vi oppe første bakketopp, og har teknisk pause og tisse-stopp nr. xx for Elisabeth...

Harriett skiftar til tørre sokkar... og vi spaserer vidare :) Etter å ha gått i nokre timar, byrjar vi å lure på om det er fysisk muleg å gå heile denna vegen på 6 timar, men eg hadde høyrt at mine foreldre med to små ungar hadde gått over fjellet, opp på Svartekari og nedatt i Jardalen og dei hadde berre brukt 6t. Dette var den eigentlege ruta vår og, men sidan veiret var dårleg, beina var litt slitne etter gårsdagens marsj og vi skjønte at vi kom til å bruke meir enn nok tid, så valgte vi å gå den "enkle" vegen ned i Langedalen.

Her står Harriett, Lykkeleg for å endeleg sjå Langevatnet og å skimte fjorden i det fjerne. Vi har gått i 5,5t. Harriett kan sjå langt etter å rekke bussen og vi har gjett opp å skjøne korleis det er muleg å gå denne turen på 6t.


Her er ruta vi gjekk!
Start: Longevasshytta,
Slutt: Veslevatnet.
Distanse: ca 15km
Høgdem: ca 750m
Mykje opp og ned. Men mest ned!

Etter å ha gått laaangt og lenger enn langt nedover i Langedalen er jentene slitne... her var det like før sekken blei kasta langt avgårde i sinne. Men to eple, ei banan, eit par lomper og litt oppmuntring og klapp på skuldrane, blei humøret litt bedre!

Vi prøvde iallefall! :) Men langedalen va virkeleg grådig lang!

Endeleg var vi nede med Langevatnet. Her kom sola fram, vatnet var blikk stille og humøret som tidlegare hadde vert ganske langt nede, steig betrakteleg ved synet av ein sånn vakker og stille natur!

Vi tok oss tid til litt fotografering før vi mota oss til å ta fatt på den siste oppoverbakken. Berre 150 meter til no, så!!
Her har vi gått i 7 timar..

Friskt mot foran siste oppoverbakke :)

Her, endeleg, er vi på veg nedover mot Fitjedalen og Veslevatnet, der pappa skal kome og hente oss. Vi er og lova grillmat når vi kjem heim! HURRA!
Turen endte på 8,5t og to utslitte jenter spurte svært så nyskjerrige korleis i alle dagar mor og far og to små hadde klart å gå turen på 6t. Då svarte mamma at nei, dei hadde no iallefall brukt 10 timar.... pjuhh!! Vi kunne rette oss i ryggen igjen og vere stolte over bragda! Det er vi!

Tusen takk for ein herleg tur Harrisprett!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar