onsdag 4. august 2010

Ei interessant natt på Gimmestadstøylen



Kristianne tok initiativet til å gjere som vi gjorde "i gamle dagar" ta ei overnatting på støylen. Vi, Kristianne, Karine og meg pakka sekkane i bilen og køyrte rett og slett heilt opp. :D

Vi henta vatn i elva, tente grillen utanfor hytta med kyr og saue som nyskjerrige tilskodarar. Då vi endeleg hadde fått fyr på grillen og lagt karbonadene på, kom sjølvsagt regnet! Vi evakuerte al mat og grill under tak og så blei middagen likegreit inntatt innandørs.


Etter ein lang koseleg kveld la vi oss på hemsen i god gammaldags stil :) Men det gjekk ikkje lange stonda før ein sau starta å breke.. eit lite einsamt lam, bææ bææ bææææææ.. heilt grusomt og ynkeleg breking, vi trudde kanskje sauen hadde skada seg, men nei, den gjekk rundt rett utanfor hems-vindauget og "ropte" på mamma! I timesvis! Blei ikkje mykje søvn den natta.. og endeleg, i 7-tida kom mamma sauen og alle dei andre sauane tilbake. Gjett om det blei jubling både av lamb, sauemor og OSS!! :D hehe... endeleg kunne vi sove! hehe....


:) Fint med ei skikkeleg natt på ein skikkeleg støyl med sauar, kyr og utedo! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar