lørdag 26. juni 2010

Geiranger - ein liten spasertur på 6 timar ;)


Jentene på tur til fantastisk flotte Geiranger :) Endeleg!

Etter ein lang og spennande biltur frå Oslo fredag ettermiddag kom Tine, Kristin og Hannah endeleg fram Geiranger, der eg venta med taco og vin ;)

Laurdagen var det ingen bønn, etter ein kosleg frukost måtte vi ut på tur. Veiret va litt grått, men vi var lova lettare veir med glimt av sol seinare på dagen. Så ein test-tur til Homlong for å sjå på cruise skipa var ein grei start!


Tine fann seg ein venn :)

 
No er vi klare for den skikkelege turen! Første mål; Nakken! Elisabeth estimere ca 1t til toppen, men ombestemte seg og la til 30min, noko som utruleg nok viste seg å vere riktig!

Ei veldig farleg elv må kryssast! :D

Eg fann meg ein plass å stå litt opp-ned! :D

 
 
Då var vi på Nakkjen! Med utsikt over Geiranger fjorden. 438m over havet
Funfact: Geir = Spyd og Anger = Fjord -> Geiranger = Spydfjord.. see it?

 
Vidare går vi til Flydal, for so å kome ut på hovudvegen som vi tenkte å ta som snill tilbakeveg.

 
Akkurat den turen blei nok litt i lengste laget, men so blei jo veiret so fint at vi fann ut vi måtte innom Vesterås å ete vaffel. Og då kunne vi jo likegodt besøke Løsta, der eg aldri har vert og alltid har hatt lyst å gå!! ;) Alle var veldig entusiastiske til det!!

 

Litt blomsterbilde og ein nissestige oppe i bergknausen! ;)


 
Vesterås serverte 4 vafler 3 kaffi og 1 brus til 250kr! ;) Men det var absolutt verdt pengane sia vi ikkje egentli hadde med oss nok mat (ehmm...) til å gå vidare!

Men på Løsta skulle vi!
Dyrevennen Tine ;) Og endeleg kom sola!! Nyyte!

 
 
Etter å ha gått litt lenger enn vi trudde det skulle vere utan å finne den fine utkikksplassen som sto på bilde, som eg trudde var Løsta - viste det seg at det eg trudde var Løsta ikkje var Løsta men Flydalsjuvet - der vi akkurat nettopp hadde gått forbi! akk!! blei litt skuffa og litt flau over den feiltakelsen der!



  
Menmen.. vi fann no ut at Løsta likevel var ein ganske fin plass med veldig god utsikt! ;)

    


  
Etter ein nydeleg, men kanskje litt lang turdag, avslutta vi kvelden med sushi-mekking og vinkos :)










1 kommentar: