Ei fantastisk fin helg - nydeleg veir og det må man sjølvsagt utnytte! I går reiste vi på dykketur til Gulen, eit spennande dykk på Frankenwald, tysk dampskip som ligg på 25-41m djup. Vi holt oss på rundt 30m, så dykket blei ikkje spesielt langt, men etter forholda akkurat passe :) Anne Linn hadde hakket for lita lånedrakt, og eg fraus sjølvsagt på dei handskekledde hendene. Burde vite bedre, neste gang tek eg vottane ;)
Men etter ein dag på, under og ved havet... kva er vel då betre enn ein tur i nydeleg solskinn på ski over vidden?! igjen :)
Eg tok med meg Cecilie Skog, litt niste og gjekk ned til byn. Banen opp va stappfull av skiglade turfolk! Pingle som eg er, gjekk eg for fellar denna turen og! Så litt treigt i starten, men etter Brushytten kom farten seg.
Prøvde ut ein ny veg om Blåmanen opp til Rundemanen! Det var absolutt suksess! Fantastisk vakker utsikt heile vegen opp! Her er utsikt over siste del av vidden og Ulriken til høgre!
Det va mange folk som gjekk over vidden denna vakre søndagen. Nokon hissigare enn andre...hehe.. lett å skulde på turgåarar utan ski -som har laga fæle spor i snøen slik at det vert vanskeleg å renne på ski der, når man ikkje heilt får det til! Jaja.. vi kom oss no ned den fæle bakken til slutt, både meg og den litt sinte damen.. ;)
Då eg nerma meg vidden syns eg det va litt kjipt å gå på baksida, så eg trakka meg mitt eige spor opp på vidden... åhh! det va nydeleg. Heilt aleine på ei forblåst vidde..hehe.. iallefall for ei lita stond!
Måtte få med eit bilde av Gullfjellet (den høgaste toppen bak der..) :-)
Tid for nedoverbakke... Ulriken ned! Eg er glad for at eg hadde fellar denna gangen og! ;) satsar på å verte tøffare etter kvart! ;)