tirsdag 9. februar 2010

Ulriken ned på rompeakebrett


Kristine er blitt heilt hekta på rompeaking, så på fridagen hennar klarte ho lett å lokke meg til å stikke tidleg frå jobb for å rekke ein tur opp og ned Ulriken mens sola fortsatt va oppe ;-)


Vi fekk konstantert at stien vår opp til Ulriken er flittig brukt!
Bra jobba!!


På toppen tok vi den obligatoriske pikniken med Ulriken kakao, kvitostskiver og Kristines medbrakte cookies! (Takk!) Etter litt soling var det full påkledning før vi bega oss mot Korketrekker-løypa i ein litt kjøleg vårbris, den gav seg heldigvis når vi kom til ake-bakken!

 
Eg synes vi er blitt ganske flinke rompebrett akarar - øving gjer meister, det gjekk so det suste nedover, mykje raskare enn forrige gang! Og ei mykje beire og artigare løype denna gangen!


Ein nydeleg dag å leike seg i snøen på!! :) :)

Takk for turen Kristine!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar