Laurdag, sol og masse snø - Gullfjellet next!!
Kathrin, Harriett og meg!
Med sine 987 høgdemeter ragar det høgt over Bergen, eg hadde kun vert der i tåke og horisontalt regnveir, så gleda meg stort til å sjå den berømte utsikten!!
Vi kjørte til Bjørndalen, og gjekk frå Osavatnet til Redningshytten og derfra følgte vi berre skispora oppover og oppover!
Kart
Skiføret var perfekt både for smørefritt, kortfellar (sjølv om det gjekk litt treigt nedover) og Harriett som for endeleg hadde klart smurt heilt perfekt med Blå Swix! Grattis!!
Veiret var upåklageleg og det gjekk i rekordfart oppover!! :)
Etter kun eit par tekniske pauser kom vi til Redningshytten! Der blei det toalettpause, litt nøtter og rosiner, solkrem og på med fellane for Harriett - som plutseleg ikkje stolar på smørejobben sin lenger?! ;) Smart valg!
Klare for neste etappe!
Her begynde dei tøffe oppoverbakkane, greit å ta dei brattaste med ein gång... ;)
Vi byrjar å nerme oss toppen! Eller?
Joda, etter litt ned og litt opp til, så va vi der! Endeleg! Litt gnagsår, ganske svoltne og veldig glade for ein 3t lang oppovertur på ski! Då fortenar vi ein rastepause i solsteiken!
Fin utsikt der vi drikke kakaoen vår, ete Elisabeth's heimelaga sjokoladebollar, feirar Kathrin sin siste dag som 26åring og venter på at gnagsåra skal forsvinne... ?! Det gjor dei desverre ikkje det, men nedoverturen gav større utfordringar å fokusere på ;)
Og Harriett er tøff og fjernar fellane! :)
Off we go!!
Det gjekk både fortare og bedre enn forventa nedover! Silkeføre som det var, hjalp på både psyken og evnane! Som vanleg litt knall og fall, men det var vi absolutt ikkje aleine om nedover der, eg tykkjer vi klarte oss overraskande bra!!
Då var vi nede!
Harriett suste fremst i ein god telemarks-stil! Kathrin ploga like bak med ski utan stålkantar! Med meg gjekk det litt treigt i dei slakaste nedoverbakkane (pga fellane) men då fekk eg iallefall trent triseps godt med staking!! Og hei kor det gjekk berre bakkane blei bratte nok!! Vil ikkje skryte på meg full kontroll, men krasja ikkje med nåken og holdt meg på beina/skia - om ikkje alltid i løypa... og det vil eg eigentleg sei at absolutt må vere godt nok ;)
Heilt der oppe har vi vert i dag :)
Flinke jenter!
Takk for flott tur! :) :) Gullfjellet er eit bra fjell!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar