søndag 7. februar 2010

Vidden på ski!!


Nydeleg vinterdag! Kva er vel bedre enn ein tur over den fantastiske Vidden??!
Kathrin og meg tok Fløybanen (!!) opp, for å spare tid og krefter! Og starta turen på Fløyen ca 10.30!

 
Etter ein litt kavete oppovertur forrige gang, kom eg på den geniale ideen å prøve kortfellane mine! For ein oppfinnelse!!! I love them! det gjekk jo so det suste oppover, og Kathrin med sine geniale smøre-frie ski gjekk like fort!


Vi var på Rundemanen på rekord tid! ikkje det minste slitne!


Ned Rundemanen kom første utfordring - litt meir snø enn forrige gang, så føret va eigentleg veldig fint, vi knota litt for å finne nedoverformen, men fellane og smøre-frie ski gjorde det betydeleg enklare både opp, ned og på skrå.. ;)


Klare for siste bratte oppoverstigning, denna gangen ekte smil ettersom oppover ikkje er noko problem for sprekinga som oss ;)


Vakkert!




Endeleg oppe på Vidden etter kun 1,5t!!


Velfortent rastepause i solsteiken!


Innover Vidden mot Ulriken!


Det er fantastisk å sjå kor mange som tek turen over vidden ein så fin Søndag!

 
Klare for nedoverturen, litt smånervøse, men det viste seg å vere utan grunn, eit par knall og fall må man sjølvsagt rekne med, men igjen, på grunn av eit, frå no av uunnverleg, ekstrautstyr kom vi oss heilskinna ned!

Tusen takk for turen Kathrin! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar