onsdag 3. februar 2010

Aketur til Ulriken!!


Sol, snø, fri.. Då må det bli ein tur på fjellet!! Desverre hadde ikkj Kristine skia sine i byn, men rompeakebrett kan absolutt gjere opp for manglande ski! ;)
Eg fekk lov å bestemme veivalget oppover, man kan diskutere om det var lurt... Ein interessant tur blei det iallefall!
Der spora slutta, trakka vi stien vidare! Etter litt, skjønte vi kvifor dei forrige sti-lagarane hadde snudd! Men vi er jo tøffe fjellfolk, og gjer ikkje opp så lett!

 
På med handskar før vi skal grave fram stien... ser du an? det var btw rett ned til høgre og mykje skumlare enn bildet viser! ;)

 
Men tøffe som vi er, kom vi oss opp og forbi første hindring!! :) sjølvsagt!

 
Her er det Kristine som er den tøffe og trakkar stien oppover, mens fotografen kjeme luskande etter!!


Endeleg på toppen! No vert det kakao og nistepakke! Endeleg!




Fantastisk veir og mange downhill skiarar på Ulriken i dag! Vi nyter Kristines Cookies i solsteiken!


Turen nedatt starta til fots.. til og med oss hardbarka rompeakarar blei for pinglete for Ulriken ned!


Men siste bit gjekk so det suste! :D
"Rompeakebrett er undervurdert!"
Try it! ;)

Vi va altfor fort nede att, men Kristine kom tidsnok til jobb, og eg kunne ta ein roleg spasertur heimover i solskinet! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar