lørdag 6. februar 2010

"Jogge"tur til Løvstakken


Litt snufsen og sliten etter ein heil fredags ettermiddag på sofaen, kom eg på at den beste medisin mot alt er jo ein fjelltur!!
På med joggisane og ulltrøya, pulsklokka og mp3'en på øyret bar det avgårde! Litt slapsete og isete første stykke, men på grusveien kom det seg! Hardpakka snø heile vegen til toppen!
Jogginga måtte eg gje meg på, men klarte heldigvis å komme meg forbi ein svært så sprek 70åring før eg beit i sureplet!
Deileg å kome over eksos og fyrings lufta! Tok heller ikkje lange tida til toppen. Knappe 45min frå Møhlenpris!
Ein stille dag på toppen! Fantastisk lys, angra på at kameraet låg att heime.. mobilen fekk duge!

På veg nedatt møtte eg igjen den spreke gæmlisen i bar overkropp! hehe.. måtte trekke litt på smilebandet då ja! Sjølv om gradestokken nok var på raud-sida er det vel litt ekstremsport å gå på Løvstakken barkroppa 6.februar!? ;)




Fin tur - og formen blei faktisk bedre!! **Magisk**

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar